(
(

Sovna bak rattet og køyrde utfor

Ein mann i 60-åra sovna bak rattet torsdag kveld og køyrde av vegen. Ulukka skjedde på Lepsøyvegen i nærleiken av Kongshaug musikkgymnas.

– Vi fekk melding om ulukka rett før klokka 18 torsdag kveld. Mannen har sjølv sagt at han sovna bak rattet. Hendinga skjedde litt nedanfor Kongshaug, før brua. Vi har teke frå mannen førarkortet og det er oppretta sak, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen skal ikkje ha fått store skader, men politiet skriv på Twitter at det var større materielle skader.