Siren Tømmerbakke la i dag fram budsjettframlegg på vegner av Sp og KrF.
Siren Tømmerbakke la i dag fram budsjettframlegg på vegner av Sp og KrF.

Sp/KrF vil halda på kontantstøtta

I samarbeid med Sp har KrF bl.a. fått gjennomslag for å halda på den utvida lokale kontantstøtta som dei ikkje fekk hjå Frp/H/V. Les heile budsjettforslaget deira her.

På fredag skreiv lokalavisa at KrFbraut av samtalane med fleirtalskoalisjonen som følgje av usemje i spørsmålet om utvida kontantstøtte for 2- og 3-åringar. Då dei ulike partia skulle leggja fram sine budsjettforslag tysdag, viste det seg at KrF har funne saman med Sp i staden.

Innleiingsvis skriv dei mellom anna at dei ønskjer ei meir kontrollert vekst av folketalet i bygda, for å unngå det høge presset på matjord, kulturminne, strandsone og vassdrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– KrF og Sp vil har ei grønare utvikling med ein kontrollert vekst for å skape føreseielegheit både for innbyggjar og utbyggjar. Vi støttar difor rådmannen sitt framlegg om å styrkje planarbeidet i kommunen, skriv dei.

– Rådmannen tek feil

Heilt øvst på oversikta over dei to partia sine prioriteringar, står det KrF-inspirerte framlegget om å halda på den utvida kontantstøtta.

– Rådmannen hevdar at det er betre for små born å gå i barnehagen enn å vera heime med foreldra. Det er KrF/Sp usamde i. Tvert imot viser nyare forsking det motsette, skriv dei.

Dei finn heller ingen dokumentasjon frå rådmannen som underbyggjerpåstanden om at kontantstøtta hindrar integrering i Os.

– Me meiner at det er ei avsporing. God integrering må løysast gjennom betre tilgjenge til arbeidsmarknaden og gratis kjernetid i barnehagen, kombinert med god språkopplæring til born og vaksne – ikkje ved å fjerna foreldra sin valfridom, skriv dei.

For å dekkja inn dei 1, 8 mill. kronene dette kostar, har dei bl.a. henta midlar ved å kutta ut bølgjebrytarane

Kritisk til barnehage og adhocutval

I lys avsituasjonen i Borgafjell barnehage, der bl.a. mange sjukemeldingar har gjort det vanskeleg å ha nok bemanning, føreslår dei at kommunen bør innføra lokal bemanningsnorm.

– I lys av uro kring ein av barnehagane i kommunen, er det stilt spørsmål ved om borna våre får eit fullgodt og kvalitetssikra tilbod uavhengig av kva barnehage dei får plass i. Det er viktig at borna blir sett av vaksne, og ikkje overlatne til seg sjølve. Etter KrF/Sp si meining bør det difor innførast eit krav for tal born per vaksen i barnehagane i Os, skriv dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit forslag som smakar meir av Senterpartiet handlar om adhocutvals-praksisen. Der blir det påpeika at dei lukka prosessane har ført til uvisse om vedtaka er tufta på gjeldande lover og reglar.

– KrF/Sp ønskjer å redusera adhocutvala til fordel for faste utval og administrativ prosjektleiing. Slik kan ein betre leggja til rette for opne prosessar.

Ønskjer å stø rosemålarverkstad

Dei ønskjer å stø «Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim» sitt ønske om å oppretta rosemålarverkstad på Lyngheim.

– Dette prosjektet vil bidra til å ta vare på lokale handverkstradisjonar og har eit stort potensial for næringsutvikling, ikkje berre for eiga verksemd, men også for anna næringsaktivitet i bygda, skriv dei.

Vidare inngår prosjektet i stiftinga sitt langsiktige arbeid med å byggja opp Os som turistmål.

– I dei seinare år har Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim gjort ein beundringsverdig dugnadsinnsats med reisinga av Lemstova frå Tveit. [Desse tiltaka] bidrar til utvikling av det kulturbaserte reiselivet.

Dei føreslår difor å løyva 400.000 kroner til dette prosjektet.

Hentar midlar frå bølgjebrytarar

For å dekkja inn dei 2,2 mill. kronene framlegga deira kostar, har dei bl.a. henta midlar ved å kutta ut bølgjebrytarane, og å redusera ramma til formannskapets disposisjonsfond.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Reduksjon i formannskapets disposisjonsfond: 800.000 kroner

* Redusert drift pga. lågare låneopptak bølgjebrytarar: 1.2 mill. kroner

* Reduksjon i folkevalde organ: 200.000 kroner

Sum: 2,2 mill. kroner

I investeringsbudsjettet føreslår dei å fjerna 22 mill. kroner som er sett av til bølgjebrytarar. Skule aust om elva vil dei utsetja oppstarten av til 2019, noko som fjernar 30 mill. frå neste års investeringsbudsjett, og dessutan reduserer dei potten til kjøpa av tomter og bygg frå 12 til 10 mill. kroner.

2 mill. kroner vil dei i staden leggja på dei 5 mill. kroner som alt er sett av til opprusting av det kommunale vegnettet, for å styrkja arbeidet med rassikring, trafikksikring og re-asfaltering.

5 verbalforslag

Til saman kjem dei med fem konkrete framlegg til vedtak:

Kommunal kontantstøtte

KrF/Sp vil la familiane velje sjølv korleis dei vil prioritera tid og økonomi som småbarnsfamilie og vil difor behalde den kommunale kontantstøtta. Vi trur at foreldre er fullt ut i stand til å gjera gode val for borna sine og familien sin. Born er forskjellige, og familiar er forskjellige. Difor må vi ha velferdsordningar som gjer at folk har ein reell moglegheit til å velje løysningar som faktisk passar situasjonen deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslag til vedtak:

Os kommunestyre ber Rådmannen om å behalda ordninga med kommunal kontantstøtte for 2–3 åringar.

Rosemålarverkstad på Lyngheim

Forslag til vedtak:

Os kommunestyre støttar Stiftinga Lyngheim sitt initiativ til etablering av rosemalarverkstad på Lyngheim med eit tilskot på kr 400 000 dekka inn med ned trekk på formannskapet sitt disposisjonsfond.

Lærarnorm i skulen

I tråd med KrF og Sp sin skulepolitikk ligg det i regjeringa sitt budsjettforlik inne eit gjennomslag for lærarnorm som sikrar maksimalt 15 elevar per lærer i 1.–4. trinn og 20 elevar per lærer i 5.–10. trinn, i snitt per skule. Lærarnorma skal innførast delvis i 2018, og med full verknad i 2019. Det ligg også inne eit mål om auka innføring av 1 time fysisk aktivitet per dag i skuletida.

Forslag til vedtak:

Os kommunestyre ber rådmannen utgreie kva dette medfører for skulane i Os og leggje dette fram for kommunestyret.

Barnehagar

Etter KrF/Sp sitt syn er det viktig at barn blir sett av vaksne og ikkje overlat til seg sjølv i ein barnehagekvardag. Det må difor vere nok vaksne til stades til ei kvar tid. Det er eit lovpålagt krav om at bemanninga skal vere tilstrekkeleg til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Etter KrF/Sp sin oppfatning bør det difor innførast eit krav for tal born pr. vaksen i barnehagane i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslag til vedtak:

Os kommunestyre ber Rådmannen utgreie ei ordning med krav til maksimalt tal born pr. vaksne for alle barnehagar i Os.

Bølgjebrytarar

Forslag til vedtak:

Kommunestyret tar prosjektet Bølgjebrytar Os ytre hamn ut av kommunen sitt investeringsbudsjett.

ol@osogfusa.no