Politiet ventar at det i samband med pinseutfarten vil bli kø i retning ferjeleiet på Halhjem også i år.
Politiet ventar at det i samband med pinseutfarten vil bli kø i retning ferjeleiet på Halhjem også i år.

Spår at pinseutfarten vil skapa problem

Tidlegare har det stått kø på E39 heilt frå Moberg til ferja på Halhjem. Politiet reknar med at det også i år vil oppstå utfordringar i samband med pinseutfarten.

– Tidlegare år har vist at de i samband med pinseutfarten blir utfordringar med kø på E39 i retning Halhjem. Erfaringsmessig er det spesielt utfordrande for dei som bur på Halhjem/Bjørnen og skal heim, og dei som skal med ferja til Tysnes, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

For å gjera det beste ut av situasjonen, er det lagt opp til at kapasiteten nede på sjølve ferjekaien på Halhjem blir best mogleg nytta, og at billettering til Halhjem–Sandvikvåg ikkje berre skjer i billettbuene, men det blir også billettering på kaien og auka bemanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg vil Fjord1 ved høve låna eitt eller to felt frå FosenNamsos for at køen utanfor ferjeleiet blir kortast mogleg, seier Fimreite og legg til:

– Ein oppmodar også bilistane som står i kø og skal til Sandvikvåg å halda seg heilt til høgre i køyrefeltet siste bakken frå Halhjem Kafé og ned til rundkøyringa ved ferjeleiet.