Steinar Engelbrektson og bandet hans er populær over heile landet. Laurdag 18. august kjem dei og bandet Bris for å spela opp til dansegalla i Tysneshallen.
Steinar Engelbrektson og bandet hans er populær over heile landet. Laurdag 18. august kjem dei og bandet Bris for å spela opp til dansegalla i Tysneshallen.

Spelar opp til dansegalla på Tysnes

Det norgespopulære dansebandet Steinar Engelbrektson frå Nordfjord kjem til Tysnes til den årvisse dansegallaen i Tysneshallen laurdag 18. august.

Saman med bandet Bris med musikarar frå Bergen og omegn, skal dei få det til å svinga på dansegolvet i fleirbrukshallen i Våge.

– Me skal laga dansegalla med skikkeleg musikk, ein seinsommarhappening for feriefolk, fastbuande og tilreisande, fortel Lars Petter Epland i Tysnes musikklag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Tysnes musikklag som er arrangør for stordansen, og laget har som mål å få meir enn 400 danseglade innanfor dørene.

– Det blir garantert god musikk for dei som likar å dansa, lovar Epland.

Orkestra skal spela nonstop dansemusikk frå ein stor scene, salen blir pynta med lys og småbord og det vil bli servert mat og drikke. I tillegg byr arrangøren på eigen bubilcamp med ulike aktivitetar for danseglade vestlendingar som tek turen til Tysnes denne august helga.

– Me skal ha ei triveleg ramme rundt musikken og dansinga, og satsar på at dansegallaen vert ein opptur før hausten kjem, for det er jo faktisk sommar enno, minnar Epland om.

jostein@osogfusa.no