Kva som fekk den splitter nye ferja til å ta inn vatn, er førebels ikkje kjend.
Kva som fekk den splitter nye ferja til å ta inn vatn, er førebels ikkje kjend.

Splitter ny ferje tok inn vatn, frykta den kom til å krenga

Mannskapet slo alarm då MS Færøy tok inn vatn ved Halhjem kai laurdag morgon.

Os brann og redning rykte ut med eitt heilt vaktlag og ekstra pumper etter å ha fått melding om vanninntrenging i maskinrommet på ferja. 

– Både vi og mannskapet om bord handla etter føre var-prinsippet, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannskapet på åtte hadde i mellomtida samla seg. Dei hadde ikkje kontroll og ein frykta at ferja kunne krenga. Det opplyser vaktkommandør Helge Lund på 110-sentralen til bt.no.

Då brannmannskapet frå Os kom fram, gjekk ein på brua og snakka med kapteinen, medan utrykkingsleiaren gjekk i maskinrommet og snakka med maskinsjefen.

Det viste seg at mannskapet hadde fått i gang eigne pumper og var i full sving med å lensa vatnet ut i sjøen.

– Då var det ikkje lenger så dramatisk som den fyrste meldinga gjekk ut på, fortel Gjøsund.

Kunne blitt oljesøl

Det la seg eit tynt lag med oljefilm på sjøen, men det var for tyntflytande til å bli fanga opp med lenser. Dette fordampa i løpet av kort tid.

– Hadde det vore meir tjuktflytande olje måtte vi ha lagt ut lenser, men utsleppet var heldigvis for lite til å påføra natur og dyreliv noko skade. 

Ein gjekk på bro og snakka med kaptein, utrykkingsleiar i maskinrommet og snakka med maskinsjefen.