Det var ein stor dag for Os Røde Kors då Frode Rikstad torsdag ettermiddag overrekte dei nøklane den nye minibussen deira. Til høgre Nina Solvår Sælen. Til venstre Kristian Strønen og Atle Vågstøl.
Det var ein stor dag for Os Røde Kors då Frode Rikstad torsdag ettermiddag overrekte dei nøklane den nye minibussen deira. Til høgre Nina Solvår Sælen. Til venstre Kristian Strønen og Atle Vågstøl.

Splitter ny minibuss for Os Røde Kors

Torsdag fekk Os Røde Kors sin første spesialtilpassa minibuss.

– Me har hatt minibuss tidlegare også, men dette er første gong me får ein spesialtilpassa bil, som eignar seg perfekt til vårt hjelpekorps, seier Kristian Strønen i Os Røde Kors.

Då Os og Fusaposten var oppom Røde Kors-huset i Kolskogen torsdag, hadde Strønen og ein annan Røde Kors-veteran, leiar for hjelpekorpset i Os, Atle Vågstøl, alt fått ein titt på bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den er råflott. Han kan ikkje samanliknast med den me hadde her for 10-15 år sidan, seier Vågstøl.

– Kva har de gjort dei åra då de ikkje har hatt bil, då?

– Då har me brukt privatbilar, svarar Vågstøl.

Kristian Strønen kan stå oppreist i den nye store minibussen. Bilen er utstyrt med utandørs arbeidslys, lasterampe, hjartestartar og mykje anna. Totalt er det plass til ni passasjerer.
Kristian Strønen kan stå oppreist i den nye store minibussen. Bilen er utstyrt med utandørs arbeidslys, lasterampe, hjartestartar og mykje anna. Totalt er det plass til ni passasjerer.

Den nye bilen vart levert av Møller Bil Bergen torsdag ettermiddag. Bilen har firhjuls-drift og er ein minibuss av merke VW Crafter.

– Det er fenomenalt med utstyr på denne bilen. Me kan ha to rullestolar med, kan trekkja inntil tre tonn og har utvendig arbeidslys med 230 volts styrke, fortel Strønen.

Viktig for tenesta

Utan om 10.000 kroner i støtte frå Moldegårdstiftelsen har Os Røde Kors finansiert minibuss-kjøpet heilt sjølv. For avdelinga er bilen naturleg nok eit stort løft. Leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen, seier det slik:

– Det er ein bil som vil gjera mange oppgåver lettare for oss. I tillegg vil me kunna vera meir fleksible. I første rekkje blir bilen ein viktig ressurs for hjelpekorpset vårt, men også for barnegruppa vår og når me skal på sanitetsoppdrag rundt om kring, vil bilen med alle desse fascilitetane koma godt med, seier Sælen.

Os Røde Kors tel i dag kring 1.000 medlemer. Blant desse er 20 med i hjelpekorpset, medan 40 er aktive i andre grupper i avdelinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Nina Solvår Sælen som fekk æra av å få nøklane overrekt av Møller sin representant. Leiaren fekk også blomar under den lett høgtidelege seremonien.

– Det er kjekt for meg å få overlevera bilen til NIna og resten av gjengen i Os Røde Kors – både som representant for Møller bil, men også fordi eg er frå Os og sjølv har vore med i Røde Kors her oppe i mange år tidlegare, sa Frode Rikstad.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no