Tor Egil Hylland og fleire andre sentrale personer i Os Live vil møta frivillige og andre i Vognhallen 1. desember for å svara på spørsmål.
Tor Egil Hylland og fleire andre sentrale personer i Os Live vil møta frivillige og andre i Vognhallen 1. desember for å svara på spørsmål.

Spørsmål og avklaringar om Osfest: Os Live vil møta publikum

1. desember arrangerer Os Live pubkveld i Vognhallen. – Det har vore ein del rykte og snakk kring festivalen. Vi ønskjer å møta publikum og svara på spørsmål dei måtte ha, seier Tor Egil Hylland.

Styret i Os Live har invitert frivillige til pubkveld, men det er også ope for publikum.

– Vi bestemte oss i sommar for å laga pubkveld, men det er først no at vi har landa datoen. Folk som ønskjer å jobba som frivillig under festivalen, er inviterte for å få informasjon om korleis det fungerer, og vi vil orientera om framdrift og planar for festivalen. Det er kanskje nokre der ute som har spørsmål. Vi veit at det har vore ein del rykte kring festivalen. I staden for at det skal gå rykte, er det betre at vi kan koma med fakta, seier Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Artistslepp

Sentrale personar i Os Live vil stilla opp for å svara på spørsmål. Arrangementet er ope for alle, og dei vil ikkje ta inngangspengar.

– Rune Solberg stiller med anlegget sitt. Vi startar alt klokka 15, og kjem til å runda av på natta – seinast klokka 02.00.

Det er nokre artistar som alt er klare for festivalen neste år, men det blir ikkje gjort offentleg enno.

– Vi håpar også å kunna sleppa eit par artistar på pubkvelden, seier Hylland.