- Eg gler meg til å skapa dans og rørsle saman med vaksne og deira livserfaringar. Det blir også spanande å laga ei framsyning av og med menneske som har levd ei stund, seier Patricia Langeland i ei pressemelding.
- Eg gler meg til å skapa dans og rørsle saman med vaksne og deira livserfaringar. Det blir også spanande å laga ei framsyning av og med menneske som har levd ei stund, seier Patricia Langeland i ei pressemelding.

Startar dansekompani for godt vaksne

Frå august kan seniorar få vera med i sitt eige dansekompani i Oseana.

Varga dansecompagni skal ha fokus på rørsle og kreativ dans. Prosjektet vil bestå av dansetimar i Vargasalen ein gong i veka under leiing av Patricia Langeland.

- Eg gler meg til å skapa dans og rørsle saman med vaksne og deira livserfaringar. Det blir også spanande å laga ei framsyning av og med menneske som har levd ei stund, seier Langeland i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dansekurset vil vara til utpå vinteren neste år, då det heile vert avslutta med ei storstilt festframsyning i Oseanasalen i februar 2019.

- Vi håpar jo at så mange som mogleg vil vera med på framsyninga, men det er ikkje eit krav for å vera med på dansetreninga. Dette skal være eit tilbod for dei som ønskjer å bruke kroppen sin på andre måtar enn i skiløype og treningsstudio, og eit tilbod til dei av desse som jamvel har ein draum om å stå på ei scene, held Langeland fram.

Det er arrangementssjef ved Oseana, Berit Steen, som saman med Langeland kom på ideen om å laga eit eige dansekompani for seniorar. Varga dansecompagni vert for både kvinner og menn.

jostein@osogfusa.no