I mange år gjekk ER-AN opningsstemne langs Byvegen på Søfteland, men dei siste åra har STIL arrangert kappgang-opninga på friidrettsbanen på Kuventræ.
I mange år gjekk ER-AN opningsstemne langs Byvegen på Søfteland, men dei siste åra har STIL arrangert kappgang-opninga på friidrettsbanen på Kuventræ.

Startar kappgangsesongen: Klart for det 38. opningsstemnet

ER-AN opningsstemne har vorte arrangert kvart år sidan 1981. I morgon går startskotet på Kuventræ.

Tradisjonen tru startar Søfteland Turn og Idrettslag kappgangsesongen med ER-AN opningsstemne siste helga før påske.

Dei første åra gjekk stemnet på Gåssandvegen. Sidan vart arrangementet flytta til gang- og sykkelstien mellom Søfteland og Røykenes, før ein dei siste åra har gjort opningsstemnet om til eit reint banestemne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Reint praktisk har det vore veldig greitt å arrangera stemnet på det nye friidrettsanlegget på Kuventræ. Slik blir det også i morgon (laurdag), seier primus motor for arrangementet, Erling Andersen.

Ope for dei yngste

I samband med opningsstemnet bruker det å vera landslagssamling for kappgjengarar i alderen 13-19 år. I år tel denne gjengen 20 utøvarar. Alle desse deltek på morgondagens stemne.

– Her har me to representantar, Nora Søreide (13) og Ida Farestveit Dale (15), fortel Andersen.

Denne gruppa går anten 3.000 eller 5.000 meter. For dei yngre deltakarane blir det snakk om 600 m eller 1.000.

– I dei yngste klassane er det ope for alle som vil å delta. Så her håpar me at mange finn vegen og prøver ut sporten, seier Andersen.

Han legg til at det blir eit kompakt stemne, der alle konkurransane blir unnagjort laurdag føremiddag.

– Det er meldt fint vêr, men det er framleis kaldt, så det gjeld å ha litt tempo i programmet, seier Andersen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no