Daniel Skotheim, Dmytro Ostanin og Kay Even Hægland startar no sjakklubb for vaksne. I haust arrangerte dei simultantansjakk på Amfi Os.
Daniel Skotheim, Dmytro Ostanin og Kay Even Hægland startar no sjakklubb for vaksne. I haust arrangerte dei simultantansjakk på Amfi Os.

Startar sjakklubb for vaksne på Hanne's

Dei la merke til at foreldra som leverte sjakkborna på trening gjerne også tok seg ein kamp. No får dei vaksne eigen klubbkveld.

Os Sjakk Ung sågdagens lys 4. mai 2017. Gjennom året har klubben hatt faste samlingar kvar onsdag, og 15–20 born har møtt trufast opp.

– Me la ganske tidleg merke til at dei som leverte borna sine på sjakktrening ofte sjølv hadde ei interesse for spelet. Dei sette seg ned og tok gjerne ein kamp eller to medan ungane gjorde det same. Det sette oss på ideen om me kanskje skulle opna for eigne klubbkveldar også for vaksne, fortel Daniel Skotheim. Saman med Kay Even Hægland og Dmytro Ostanin har han vore ei av drivkreftene bak oppstarten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då 15 osingar – dei fleste vaksne – speltemot Dmytro på Amfi Os i haust, såg me også at potensialet var til stades. Det var ein stor suksess, og me såg at dette kan me byggja vidare på.

«Bosse» tente på ideen

Innehavar av det populære konditoriet og baren Hanne's, Bjørn «Bosse» Sigurjonsson, var med på tanken med ein gong sjakkentusiastane føreslo å ha sjakklubb på utestaden ein gong i månaden.

– I dag hadde me styremøte på Hanne's, og det var ikkje heilt tilfeldig at me hadde det der. Me ville setja oss ned med Bosse og diskutera sjakkveldane me har lyst å starta opp. Han syntest det var kjempespennande, og var heilt med, fortel Skotheim.

Ein onsdag kveld i månaden blir det altså sjakk på Hanne's, og den første datoen blir 7. mars.

Skal banka data-Magnus

– Første gongen skal me gjera ein gimmick der alle deltek i ein uhøgtidleg kamp mot Magnus Carlsen. Eh, data-Magnus, altså, seier Skotheim.

Sjakk-appen Play Magnus kan stillast inn slik at du kan velja eit aldersnivå som passar til ditt eige nivå. Spel mot 9 år gamle Magnus Carlsen.

– Kanskje me skal leggja oss på rundt 11 år? Personleg har eg ikkje greidd å koma meg forbi 9 år gamle Magnus enno, seier Skotheim.

Etterpå denne icebreakeren blir det sosialisering og sjakkspeling så lenge kvelden tillèt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det varnyttios.com som først skreiv om saka.

ol@osogfusa.no