Jarl Haug ved Vestlandske Heiltremøblar opplever å bli straffa berre for å ha eit stort produksjonslokale. (Foto. Øystein Lid)
Jarl Haug ved Vestlandske Heiltremøblar opplever å bli straffa berre for å ha eit stort produksjonslokale. (Foto. Øystein Lid)

- Staten tek kvelartak på meg

Jarl Haug har bygt opp verksemda Vestlandske Heiltremøblar frå grunnen av. – I staden for å få løn for strevet, vert eit magert overskot mjølka av staten, seier han.

For 18 år sidan slutta Jarl Haug i ein godt betalt jobb i Nordsjøen for å starta for seg sjølv.

- Arbeidsdagane er lengre og løna er mindre. Eg jobbar morgon og kveld. Det har eg ingenting i mot - men det er bittert at staten i staden for å applaudera dei som skapar lokale arbeidsplassar, vel å strupa det vesle overskotet me har, seier Haug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han sel først og fremst sjølvproduserte møblar i heiltre, og dessutan interiørgjenstandar for å ha eit ekstra bein å stå på. Omsetninga på 2 mill. kroner går med ca. 300.000 i overskot. Men etter det skal staten ha endå 70.000 kroner i ein såkalla formuesskatt.

- Det gjer at eg nesten ikkje har pengar til å investera. Med dei pengane kunne eg t.d. ha utvida med betre maskiner. Å tilsetja fleire kan eg berre gløyma, slik det er no, seier han.

Inger Elisabeth Skaar har sidan starten i 1999 vore einaste tilsette ved sida av han sjølv.

Ved innkjøp av ny maskin hadde ikkje Haug råd til den han eigentleg hadde hatt behov for, sidan staten tok midlane han kunne ha investert for.
Ved innkjøp av ny maskin hadde ikkje Haug råd til den han eigentleg hadde hatt behov for, sidan staten tok midlane han kunne ha investert for.

– Straffar gründerar

Haug er veldig spørjande til at det ikkje er blitt lettare å driva næring under den sitjande Frp/H-regjeringa. Den profilearer seg trass alt på å vera næringsvenleg.

– Dei skryter av å ha redusert formuesskatten, men for små arealkrevjande verksemder er det faktisk blitt vanskelegare. På den eine sida hevdar dei at dei vil ha meir gründerverksemd, men i praksis stikk dei kjeppar i hjula for oss, seier han.

Formuesskatten på næringsbygg har vakse dei tre siste åra for Haug sitt vedkomande. Årsaka ligg i ein komplisert utrekningsmodell (sjå rammesak) som slår dårleg ut for arealkrevjande verksemder. Korleis dette er regulert, er eit politisk val.

Haug samanliknar med Joker-butikken som er næraste nabo, for å få fram poenget.

– Dei omset for 17 mill. kroner på eit relativt lite areal. Eg har ein åttendedel av deira omsetning, men må betala meir i formuesskatt. Berre fordi eg treng stort areal til produksjonen av møblane. Er det rart det nesten ikkje er møbelfabrikkar att på Vestlandet? spør han, og viser til møbelfabrikken Fusa Hagemøbel som måtte leggja ned for nokre år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må konkurrera med IKEA

Vestlandske Heiltremøblar har i tillegg ein svært tøff marknad å konkurrera i.

– Kundane samanliknar prisnivået med både Bohus og Ikea. Difor kan me ikkje leggja oss på det prisnivået som det faktisk kostar å produsera slike møblar, seier Haug.

Han viser oss inn på lageret der trevirke frå almetrea ved Lysekloster står til tørk. Han utnyttar lokale ressursar og let ikkje ei treflis gå til spille.

– Kapp som er til overs hiv me i ovnen og brukar til oppvarming av bygget. Slik sparar me oppvarmingsutgifter. Me må tenkja økonomi heile tida, seier han.

For å få det heile til å gå rundt har han også vore nøydd til å tappa private midlar.

– Inntekter frå sparing i fond har til dømes gått rett inn i drifta her. Slik har det vore heile vegen. At staten ikkje tek omsyn til kva drift me faktisk har her, og dei spesielle utfordringane for vår type produksjon, reagerer eg på.

Ser stygt ut for framtida

Jarl Haug er fylt 60 år og har så smått teke til å tenkja på neste generasjon og vegen vidare. Det vil seia, han har lite tru på at nokon vil overta, når vilkåra er som dei er.

– Eg tvilar på det, slik som forholda er no. For meg er dette ein livsstil, men hadde eg vore 30 år, hadde eg tenkt: Kva er eigentleg vitsen? Eg hadde hatt meir att for å leiga ut bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du ein bodskap til politikarane?

– Ja. Fjern skatten på arbeidande kapital. Noreg er det einaste landet i Europa som har ein slik skatt. Lat oss som driv næring få levelege overskot, slik at me kan skapa vekst. Midlane som staten tek av meg i denne ekstra-skatten, kunne eg ha brukt på investeringar som kunne gjort verksemda meir lønsam. Slik det er no, er det umogleg, seier Haug.

Slik er formuesskatten rekna ut

Kva Jarl Haug ville fått for å leiga ut bygget er eitt at momenta som spelar inn når staten reknar ut kor mykje formuesskatt som må betalast.

Jarl Haug har vore i kontakt med Os kommune for å få hjelp til å forstå den kompliserte utrekningsmodellen som ligg til grunn for den stadig veksande formuesskatten Vestlandske Heiltre må betala. Tidlegare skatteoppkrevjar Terje B. Lågeide sende i slutten av april eit svar der det svært kompliserte reknestykket blir forklart.

– Reguleringa er basert på matematiske formlar som byggjer på marknadsprisar. Valet av denne typen regulering, er eit politisk val, skriv Lågeide.

Fire faktorar avgjer

Det er likningsverdien/ formuesverdien på næringsbygget som avgjer kor mykje Haug må betala i formueskatt. For private er denne på 25 prosent av marknadsmessig kvadratmeterpris på primærbustad, og 80 prosent for sekundærbustad. Men for næringsbygg er reknestykket for å finna formuesverdien mykje meir komplisert.

1. Eigedommens areal

2. Utrekna kvadratmeterleie

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Faktor 0,9 (for å redusera for eigarkostnader)

4. Delt på kalkulasjonsfaktor

Dette reknestykket blir utrekna utleigeverdi, som igjen blir redusert med ein viss prosentsats for å finna likningsverdien, som frå 2016 av blir kalla formuesverdien.

Dei største variablane

Det er tre moment i dette reknestykket som særleg kan gje store utslag:

* Utrekna kvadratmeterleige er eit overslag på kva Haug ville fått i inntekt dersom han hadde leigt ut bygget. Her speler det ei rolle kva slags bygg det er, og geografisk plassering. Dersom gjenomsnittleg marknadspris stig, stig også denne.

* Kalkulasjonsfaktor er rekna ut frå renta på statsobligasjonar (med 10 års løpetid). Denne kan variera frå år til år, og dess lågare han er, dess høgare blir den utrekna utleigeverdien.

* Prosenten utleigeverdien blir ganga med for å finna utrekna likningsverdi, har stige dei siste åra. I 2013 var han på 50 prosent, medan i 2016 var han på 80 prosent.

Sviktande sikringsventil

For å unngå for store variasjonar, er det lagt inn ein sikringsventil, der likningsverdien ikkje skal overstiga ein viss prosentdel av marknadsverdien. Denne satsen kan variera, og har i løpet av dei siste fire åra vakse mykje. I 2013 var han 60 prosent, medan han i 2016 har vakse til 96 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette tyder at det er blitt mindre høve til å nytta denne sikringsventilen, skriv Lågeide i si forklaring.

ol@osogfusa.no