Ikkje mindre enn to statsrådar var med då tropehagen i nye Luranetunet fekk sine første planter i dag.
Ikkje mindre enn to statsrådar var med då tropehagen i nye Luranetunet fekk sine første planter i dag.

Statsråd innvigde Noregs første sjukeheim med tropehage

Siv Jensen fekk i dag æra av å planta den første blomen i Noregs einaste sjukeheim med tropehage. – Eg er heilt overvelda, sa den mållause statsråden.

– Wow! fekk Siv Jensen fram då ho vart ført inn i tropehagen som er i sluttfasen frå entreprenør Consto si side. Prosjektleiar Tor Inge Døsen viste statsråden rundt, og la ikkje skjul på kor flott han synest nye Luranetunet blir.

– Velkomen til Noregs første sjukeheim med eigen tropehage, sa han til ei forsamling som bestod av Frp-toppar, tilsette ved sjukeheimen og kommuneleiinga. Ordførar i permisjon, Terje Søviknes, ville heller ikkje gå glipp av eventet, og humpa rundt på krykkjene. Til dels var det valkamp, men det var også eit høve for Os kommune å visa fram sitt kanskje største prestisjeprosjekt. Døsen understreka at ideen og tanken bak var klekt ut av kommunens eigne folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølvtilliten var det ikkje noko å seia på då me starta dette, og den er ikkje blitt noko mindre no, sa Døsen til latter frå forsamlinga.

Statsråden applauderte

Døsen gjekk gjennom bakgrunnen for den omfattande utvidinga. Behovet for utviding er utløyst av folkevekst i kommunen, og den nye omsorgsbustadene går frå 131 plassar i dag til 175 plassar. Nybygget skal vera klart til å takast i bruk i november i år.

Siv Jensen braut ut i spontan applaus etter at Døsen hadde lest høgt visjonen for nye Luranetunet:

– Me skal gje dei gamle eit omsorgstilbod basert på respekt for individets integritet, behov for tryggleik, behovet for å vera privat, og at bebuarane skal få bestemma mest mogleg av eigne liv.

– Eg fekk lyst å klappa, sa Siv Jensen, før forsamlinga villig vekk gjorde som ho sa. Og Døsen heldt fram:

– Hovudmåla for prosjektet og institusjonen er å leggja til rette for at tenestetilbodet skal ha høg kvalitet, vera heilskapleg og samanhengande. Bebuarane skal ha eit godt kvardagsliv som gjev meining. Å utvikla luranetunet vidare som ressurs, kompetansesenter og ein god arbeidsplass.

Overraska av SIO-prosjektet

Rådmann Christian Fotland fortalde om SIO-prosjektet som kommunen har jobba med. Den tidlegare rådmannen og kommunalsjef for området, Nils-Petter Borge, var båe motstandarar av å bli med på prosjektet, men Fotland måtte vedgå at stemninga no var snudd tvert om.

– Me er glade for at me blei med i prosjektet. Me ser fleire gode effektar av det, blant anna har me mykje betre kontroll på tildeling av tenester til den enkelte, me ser større likebehandling, sa Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort sagt er det kommunen som styrer tildelinga av tenester (som før), medan staten betaler for det. Fotland gjekk så langt at han no bad om at prosjektet ikkje blir avslutta, som trass alt er ein fare dersom nye kostar kjem inn i regjeringskontora.

– Når me no har brukt utruleg mykje administrative ressursar på dette er det synd dersom me ikkje får ei skikkeleg evaluering av prosjektet, sa Fotland.

Siv Jensen var sjølvsagt heilt einig.

– Eg har no besøkt fleire av kommunane som er med i prosjektet, og samtlege seier at dette hever kvaliteten på tenestene, dei vert betre rigga og administrasjonen glir lettare. Mi frykt er at nokon vil avslutta prosjektet før det har blitt fullført. Skal ein kunna læra noko av prosjektet, må det faktisk gjennomførast, sa Jensen.

Planta Dipladenia og mandarin-tre

Deretter fullførte Jensen det ærefulle oppdraget med å planta ein blom som er kalla Dipladenia (ynde på norsk) som klatrar høgt og produserer eit hav av blomar. Den vart planta ved ei av søylene i tropehagen og skal ifølgje Døsen kunna nå heilt til taket.

Fungerande ordførar Laila Reiertsen tok deretter spaden fatt og planta eit mandarin-tre ved sida av.

– Mandarinane er etande, men dei kan vera litt bitre, sa Døsen.

ol@osogfusa.no