Staut skal spela på Osfest-fredagen.
Staut skal spela på Osfest-fredagen.

Staut kjem til Osfest

Staut skal som Morten Abel opptre på Osfest-laurdagen.

– Vi gler oss til Staut kjem til Osfest 11. august. Festivalen vil ha eit folkeleg program med mange spanande artistar, skriv primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland i ei pressemelding.

Tre artistar er klare for Osfest til sommaren. Fredag 10. august kjem Stavangerkameratene, og på programmet laurdag er så langt Morten Abel og Staut stadfesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Staut er eit folkrockband frå Valdres i Oppland som starta i 2010. Sjangeren er ein kombinasjon av folkemusikk, rock og country, som avspeglar at dei seks bandmedlemmene har ulik bakgrunn. Staut har gullplater og førsteplass på albumlista å visa til. Bandets ferskaste album “JA” kom i starten av 2017. Det er bandets femte album på sju år.