annonse

Sto­re end­rin­gar i lei­ar­grup­pa

Lei­ar­skif­te
Lei­ar­skif­te: Kom­mu­nal­sjef-kol­le­ga Line Rye step­par inn i ei ny rol­le når Nils Pet­ter Bor­ge blir råd­mann i Fusa. (Foto: Øy­stein Lid)

Når Nils-Petter Borge går over til Fusa, blir Line Rye kommunaldirektør med ansvar både for oppvekst og helse.

Konsekvensane av at Nils-Petter Borge blir rådmann i Fusa, blei drøfta i formannskapet tysdag.

– Me har alle lest portrettet i Os og Fusaposten av Nils-Petter som den smilande bystrilen, og det er fantastisk kjekt at Borge blir rådmann i Fusa. Det er bra for Fusa, bra for Os, og bra for den nye kommunen me skal byggja saman. Me kjenner kvarandre godt, og han kjenner Os svært godt, og vil bli godt kjent med Fusa kommune, begynte rådmann Christian Fotland då han skulle orientera om kommunens interne kabal.

Vil slå saman helse og oppvekst

Borges nye stilling har ein del konsekvensar for personalkabalen på toppleiarnivå i Os kommune, og Fotland la fram sitt framlegg for politikarane.

– Me ser det som lite føremålstenleg å lysa ut stillinga eksternt noo. Det vil nesten vera uansvarleg å gjera det halvtanna år før vedkomande vil bli overtallig. Me har gått nokre rundar internt, tenkt mykje, og landa på ein plan: Me slår saman helseområdet med oppvekst- og kultur med Line Rye som øvste leiar, sa Fotland.

Endringa er alt drøfta med alle einingsleiarane, og dessutan med dei tillitsvalde, som ifølgje rådmannen ikkje har dei store motførestillingane mot endringa.

Fordelar ved fagleg samanslåing

Rådmannen såg fleire fordelar ved å slå saman fagfelta som i dag heiter oppvekst og kultur saman med helse og omsorg.

– Eg ser store positive synergieffektar av å gjera eit slikt grep. Det er alt gjort mykje bra i samarbeidet mellom skule og helse, tenkt til dømes på Varafjell (avlastingstilbod for unge utviklingshemma). Men det er klart at ein person som sit med øvste ansvaret for båe desse fagfelta kan tenkja meir heilskapleg. Me kan tenkja litt anleis når det gjeld rus og psykiatri, born og unge, NAV sosial og flyktningstenesta, sa Fotland.

Han la til at dette var ein måte å tenkja på som ein kanskje vil vera aktuell også når Fusa og Os blir ein ny kommue.

Når det gjeld beredskap, som Borge i seinare år også har hatt øvste ansvaret for, går rådmannen sjølv inn i rolla som øvste leiar.

– Alternativet var å gje dette til kommunalsjef Aina Tjosås, men ho har eit enormt arbeidspress, så det vil eg ikkje gjera. Beredskap kan heller rapportera direkte til meg, sa Fotland.

Børstar støvet av kommunaldirektør-tittel

Med tanke på denne store endringa som no vil finna stad, føreslår rådmannen at Rye for tittelen kommunaldirektør. Dermed kostar Os kommune støvet av tittelen som den gamle rådmannen fjerna i 2010.

– Kompleksiteten i dette arbeidet, fortener ein slik tittel. Og så er det ein fordel at når ein har samanliknbare titlar når ein møter kollegaer i t.d. Bergen kommune, sa Fotland.

For å ha det likt i organisasjonen, får også kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, same tittel.

Fotland har sterk tru på at Rye vil fungera godt i den nye stillinga, og skrytte uhemma av kollegaen.

– Eg må få skryta litt av mine medarbeidarar. Line Rye har fantastiske kvalitetar som leiar, og det er eg heilt sikker på at helse- og omsorg vil lika og dra nytte av, sa Fotland.

Det vil bli vurdert om ho skal få ein fagleg støtteressurs, på same måte som fagsjef Per Olav Sørås er for skulesektoren.

Politikarane var positive til endriga. Eirik André Hesthamar (Frp) bad om at rådmannen er i «konstant evalueringsmodus» når det blir gjort ei så stor endring i organiseringa.

ol@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()