Miljøpartiet dei Grøne Os har hatt årsmøte, og fått nesten heilt nytt styre. Marie Hauge tek over som leiar etter Nils-Anders Nøttseter. Elles tel styret Marion Charlotte Sjurseth (ny, opprykk frå varaplass), Trine Hofsvik Strønen (ny), Geir Fossåskaret (ny) og Jo Rune Kristiansen Ugulen (ny). Varamedlemmer er Leon Åserød, Vibeke Harild (ny) og Knut Børgesen (ny). Vibeke Harild og Jo Rune K. Ugulen er ikkje med på biletet.

Stopp plan for E39 Hordfast midtre trasé

Kommunedelplanen for E39 Stord–Os syner at motorveg med fire felt og fart på 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Os og nabokommunane, skriv MDG.

Fylkesmannen i Hordaland har kalla vegprosjektet det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid. Prosjektet er overdimensjonert og særs arealkrevjande. Det vil føra til uopprettelege inngrep i Bjørnafjorden og den unike skjergarden i Øyane, og gå hardt utover bumiljø, matjord, kulturlandskap og viktige område for oppvekst, fritidsaktivitetar og friluftsliv vidare langs traseen gjennom Os. Eksisterande næringsverksemd og infrastruktur vert også råka.

Hordfast er eit svært kostbart prosjekt. Vi kan få betre uttelling for skattepengene og ein sikrare og meir framtidsretta veg ved å velja indre trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtre trasé har uvisst omfang, usikker finansiering og høgst diskutabel samfunnsnytte. For å finansiera prosjektet trengs ei firedobling av trafikken i høve til dagens trafikktal (utan bompengar). Dette er urealistisk all den tid verken trafikkmengda eller folkeveksten utviklar seg slik det er estimert i prognosane. Trafikkveksten i dette prosjektet er i strid med overordna klimamål.

Vegplanane er også gått ut på dato med tanke på satsinga på elektrifisering av ferjebransjen, omstruktureringa av arbeidsmarknaden på Vestlandet og at meir transport skal over på sjø. Vi treng heilt andre investeringar i infrastruktur for å løysa morgondagens utfordringar med effektiv og miljøvenleg busetting, samferdsle og yrkesliv.

Vi støttar arbeidet til Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden og oppmodar andre lokalparti om å gjere det same.

Vi ber alle partia på Stortinget om å stoppe planane for Hordfast midtre trasé, og heller sjå på meir økonomiske og framtidsretta løysingar.

Os MDG