Matattache Gunnar Nagell-Dahl, næringssjef Daniel Skotheim og landbrukssjef Øystein Svalheim er nokre av dei som er med og starta opp Bjørnefjorden Matkultur.
Matattache Gunnar Nagell-Dahl, næringssjef Daniel Skotheim og landbrukssjef Øystein Svalheim er nokre av dei som er med og starta opp Bjørnefjorden Matkultur.

Stor entusiasme rundt Bjørnefjorden Matkultur

Frammøtet var større enn venta og entusiasmen smittande då lokalmat-bransjen torsdag samla seg for å diskutera kva dei kan få til når dei sameinar kreftene.

Rundt 50 aktørar frå matbransjen, jordbruket, restaurant- og turistnæringa møttest i Oseana for å idémyldra om Bjørnefjorden Matkultur torsdag. Blant gjestene var Torstein Hatlevik som har bygt opp hotell på Haaheim Gaard, Tysnes, med 15 årsverk. Det same var Bente Getz som har gjort millionbutikk i Samnanger av tre kyr og åtte sauer, og driv osteri og sal av eigenprodusert ost.

Osroso, Osøyro kolonial og matprodusentane

Både Fusa og Os var godt representerte med sine største matprodusentar og restaurantdrivarar. Frå Fusa deltok bl.a. Eikhaugen Gjestegard, Tønnegarden og Engevik Gaard, og frå Os - Siren Tømmerbakke med bær og egg-sal, Brynjulf Bøe med produksjon av lammekjøt, samt humle- og bringebærproduksjon hjå Pål Skotheim i Lysefjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sistnemnde kunne også skryta på seg å ha frambrakt Daniel Skotheim, som er primus motor for å driva Bjørnefjorden Matkultur i gang.

Fleire frå Osroso som skal driva restaurant i torgbygget på Osøyro var der, og dei la vekt på at dei nettopp ønskjer å bruka lokale råvarer når det er mogleg. Dagleg leiar i den komande daglegvare-butikken på Osøyro, Silja Døsen Moberg, presenterte seg etter at fleire matprodusentar hadde gjort det same.

- Eg gler meg til å selja det de produserer, sa Døsen Moberg, på vegner av butikken som vil få namnet Osøyro Kolonial.

Oppmøtet var stort då næringar relatert til lokal matproduksjon samla seg i Oseana for å diskutera samarbeid.
Oppmøtet var stort då næringar relatert til lokal matproduksjon samla seg i Oseana for å diskutera samarbeid.

Overveldande respons

Daniel Skotheim var overvelda over det massive oppmøtet frå næringa, og den positive oppdrifta han har merka kring prosjektet frå ideen vart lansert i fjor haust.

- Det er ufatteleg kjekt å jobba med dette når det er så mykje oppdrift, og positivt engasjement, sa Skotheim.

Han hadde venta at rundt 20 verksemder skulle dukka opp, men meir enn det doble møtte faktisk opp. Også den store pressemerksemda vart tematisert som positivt for nyskapinga.

For å oppsummera kva den nye bransjeparaplyen skal vera, har ein formulert følgjande definisjon: "Bjørnefjorden Matkultur er summen av mat og råvarer me til ei kvar tid finn i regionen vår."

Jobben no består i å forma konkrete prosjekt som kan koma ut av dette. Fleire idear er alt vedtekne, og Skotheim presenterte nokre av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyrking av mat i sentrum?

Frå Os Bondelag kom forslaget om å etablera "Spiselege tettstader" i ulike lokale bygdesenter, det vera seg i Os, Eikelandsosen Tysse eller Våge.

- Det går ut på at inviterte får planta grønsaker i dedikerte kassar og bed i sentrum, fortalte Daniel Skotheim.

Trenden med å dyrka i bystrøk har spreidd seg i USA, og fleire stader i Europa. Til dømes har frivillige poda fruktgreiner inn på vanlege prydtre og slik fått avling av frukt til bruk av lokale bebuarar.

I Os er det altså snakk om grønsaker i første omgang, og ifølgje arbeidsplanen skal denne plantast i april i år. Vona er at råvarene dette gjev kan brukast i ulike samanhengar.

- Kanskje me kan ha faste torgdagar i sesongen, slik at folk kan få tilgang til å kjøpa lokalprodusert mat, sa Skotheim.

Vidare kan råvarene bli nytta i noko som blir kalla for "Det store Bjørnefjorden-måltidet" i oktober.

- Det går ut på at eit par hundre gjester vert inviterte på eit tre-rettars-middag i Oseana, der råvarene utelukkande er henta frå Bjørnefjordsregionen, fortalte Skotheim.

Den 17. juni kjem Statsraad Lehmkuhl igjen til Os, og det blir vurdert om det går an å sørga for eit tilsvarande lokalmat-samarbeid under lunsjserveringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nettbasert kart over mat-tilbod i regionen

- Me må fokusera på det me kan få til saman, og det er ikkje lite, sa matattaché hjå Fylkesmannen, Gunnar Nagell Dahl. Han fortalde om stor interesse kring lokale spesialitetar som spelsau-kjøt på matmessa Grüne Woche i Tyskland, og at også turistar vil koma hit for å oppleva dette.

I samband med dette føreslo ein av matprodusentane frå Tysnes at ein må laga ein nettportal med eit felles kart over kva som finst i regionen, slik at turistar og andre kan få ei oversikt over kvar dei kan kjøpa gardsmat eller overnatta.

I tillegg til dette som alt er på gang, vart også kvar enkelt deltakar på seminaret beden om å skriva ned sine idéar og forslag til kva Bjørnefjorden Matkultur kan vera. Desse vart samla inn, og blir jobba vidare med av ei ny prosjektgruppe. I møtet var det fleire som melde seg frivillig til å vera med i denne, bl.a. Tina Bøe Buer og Frank Vasby Bruarøy.

- Eg opplever dette som eit unisont ja til å gå vidare med prosjektet, og det er fantastisk gøy, sa Daniel Skotheim til applaus frå dei frammøtte.