annonse

Stor jubel for indre trase-vedtak på årsmøtet i Hordaland Senterparti

Representerte Os og Fusa
Representerte Os og Fusa: F.v. - Eivind Moberg, Margunn Y. Samnøy, Hege Aase Tysnes og Siren Tømmerbakke. (Foto: )

Indre trase E39+E134 er rimelegast å byggja og har høgast samfunnsnytte. Begge prosjekta byggjer på kjent teknologi. Det gir sikrare kostnadsvurdering og let seg raskt gjennomføra, skriv Margunn Y. Samnøy (Sp).

Årsmøtet i Hordaland Senterparti vart halde 16.-17. februar 2018 på Scandic Flesland Airport Hotel. 190 delegatar og inviterte gjester, deriblant fire stortingsrepresentantar vitja årsmøte. Forutan Hordaland sine to eigne, Kjersti Toppe og Nils T Bjørke, var også Sigbjørn Gjeldsvik, medlem av Finanskomiteen og Ivar Odnes, medlem i transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, tilstades.

Samferdsle stod sentralt på agendaen. Leiar i MISA (Utval for miljø og samferdsel), ordførar i Radøy, Jon Askeland, inneleia samferdsledebatten med å synleggjera Hordaland sitt store etterslep på vedlikehald og opprusting av fylkesvegar, tunellar og rassikring. Etterslepet var i 2016 på heile 7,3 mrd. kr og aukar med ca 1 mrd. kr i året. Sett i forhold til at Hordaland har flest tunellar og flest rasutsette punkt i landet, avspeglar dette seg ikkje i overføringane frå staten, sa Askeland og sendte klar bestilling til stortingsrepresentantane.

Delegatane frå Fusa og Os hadde i fellesskap sendt inn resolusjonsforslag på indre trase med aust-vest-løysing og kopling E39 og E134. Underteikna nytta høvet til å argumentera med at forslag til ny NTP ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til Vegvesenet sine anbefalingar som syner at enorme midlar kan sparast ved riktige val og gode kombinerte løysingar.

Indre trase E39+E134 er rimelegast å byggja og har høgast samfunnsnytte. Begge prosjekta byggjer på kjent teknologi. Det gir sikrare kostnadsvurdering og let seg raskt gjennomføra.

Oppstart og bygging av vegsambandet Seljestad-Røldal må difor prioriterast og iverksettast snarast mogeleg. Det må i tillegg bestillast KVU på ”arm frå Odda til Bergen” som inkluderer fordelane med å kombinera E134 og E39. Det er viktig å ikkje låsa traseen for E39 før KVU er ferdig. Kryssing av Langenuen i sør mellom Jektevik og Hodnanes må prioriterast når ein ser at midtre trase dreg ut i tid.

Næringslivet på Vestlandet krev no KVU og skriv i sitt opprop at E134 med ferjefri arm mot Bergen er den beste forbindelsen mellom aust og vest.

Delegatane frå Fusa og Os kunne jubla for fullt gjennomslag på alle punkt og fylgjande vedtak vart gjort:

Samferdsel liv, helse og tryggleik fyrst (Kritisk infrastruktur)

Den blå blå regjeringa prioriterer ikkje Hordaland. I fyrste periode av NTP er det berre avsett midlar til allereie vedtekne utbyggingar, av tidlegare regjeringar. Utsetjing kjenneteiknar denne regjeringa, ikkje utbygging.

Hordaland har stort etterslep på vedlikehald og opprusting av fylkesvegar, tunellar og rassikring. Me har ein fjerdedel av tunellane og ein fjerdedel av utsette raspunkt i landet. Dette avspeglar seg ikkje i overføringane frå staten der alle fylke får ein lik sum. Hordaland Sp krev at Hordaland må få sin forholdsmessige del av desse overføringane.

Hordaland Senterparti krev auka løyvingar til rassikring og vil syta for at det saman med første rullering av NTP vert laga ein nasjonal 12-års plan for sikring av riks- og fylkesvegnettet innan høg og middels skredfaktorgruppe.

Det er mange prosjekt i Hordaland som blir skuva på og utsett der mange i høgste grad har med liv og helse og gjera. Hordaland Sp meiner difor at ein no må få løyst desse prosjekta:

• E134 Bakka-Solheim, tunellar Seljestad-Røldal og Røldal-Vågsli.

• K5 Arna - Voss veg og bane

• E39 Klauvaneset-Vågsbotn

• Bestilla KVU på armen til Bergen frå Odda – inkludert fordelane med å kombinera E134 og E39.

Hordaland Senterparti ser at regjeringa sine val rundt vegstandard, fart og trase har medført kostnadsauke som set framdrifta for Hordfast i fare. Hordaland Sp meiner difor ein no må prioritera oppstart av kryssing av Langenuen i sør mellom Jektevik og Hodnanes, noko som opnar for andre alternativ dersom midtre trase ikkje let seg realisera.

Det er òg ei stor omorganisering av bompengeinnkrevjinga i landet der ein skal samla bompengeselskapa i større einingar. For å ta del i dette må ein innføra eit nytt rabattsystem der ein maks får 20% rabatt, og tunge køyretøy får ikkje rabatt. Dette vil ha store negative utslag for lokal pendling og næringsliv. Hordaland Sp krev at ein ved omorganiseringa kan oppretthalda dagens rabattordningar.

Vedtaket syner Hordaland Senterparti si satsing innan samferdsle i komande NTP-periode og stadfestar tidligare vedtak om indre trase.

Frå Fusa møtte: Hege Aase Tysnes, Even Revne, Marianne Borge, Richard Markhus, Herborg Nordtveit og Margunn Y. Samnøy. Frå Os møtte: Eivind Moberg, Siren Tømmerbakke, Jan Gåssand, Henrik T. Tronerud og Harald Lekven.

Margunn Y. Samnøy

Org. nestleiar i Hordaland Sp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut