Vebjørn Sand var i storslag då han kom å halda føredrag i eit fullsett Oseana-galleri fredag
Vebjørn Sand var i storslag då han kom å halda føredrag i eit fullsett Oseana-galleri fredag

Stor målar og historieforteljar

Vebjørn Sand veit å måla bilete, både med pensel og verbalt.

Galleriet i Oseana var fylt til randen då Vebjørn Sand ankom lokalet fredag ettermiddag. Den verdskjente måleren kom noko seint til si eiga forelesning, og rakk berre ein kort prat med Os og Fusaposten før han tok ordet framfor forsamlinga.

– Du, eg har vore på gamleheimen her oppe (Luranetunet) å måla med fleire bebuarar der. Det var veldig kjekt, og eg fekk glede av å undervisa den eldste eleven eg har hatt til no. Eg trur ho var 100 år, fortel Sand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utsikt å bli glad av

Vebjørn og broren Aune har vore til og frå i Os i halvanna veke i samband med utstillinga. Dei nær 200 bileta til Vebjørn har tiltrekt seg enormt med skodelysnte.

– Det er veldig mykje folk her. Dette er nok blant dei utstillingane som har trekt mest folk dei siste åra, konstaterer Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg i forbifarten.

Vebjørn er over seg av glede over plassen, og det store frammøtet.

– Ein må berre vera glad når ein kjem til ein plass som dette. Eg har sett mange flotte lokasjonar for galleri i Noreg, men dette tek kaka, smiler målaren, før han ser det store oppmøtet og finn vegen til føredragsplassen i enden av lokalet.

Matematikk og landemerke

Vebjørn er ikkje berre ein stor målar, han er også ein svært god historie-formidlar. 51-åringen pratar med stor innleving og har høg nok røyst til at sjølv dei som sit bakarst i lokalet, får med seg det som blir sagt.

Dei frammøtte får høyra bakgrunnen og tanken bak Keplar-stjerna som i dag står på Gardemoen, og om fascinasjonen for verdas største kunstnar, Leonardo da Vinci, og korleis han som person, kunstnar, matematikar og oppfinnar har inspirert Vebjørn.

Sand fortel vidare entusiastisk om korleis han forelska seg i da Vincis perfekte og kjente bru, og korleis han sidan har fått gleda av å byggja fleire av denne typen, mellom anna over Europavegen i Ås kommune, og ikkje minst i hagen til slottet Clos Lucé, der multikunstnaren budde dei tre siste åra av livet fram til han døydde i 1519.

Vakkert om det vonde

Avslutningsvis fortalde kunstnaren om kvifor han byrja å måla krigsbilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg får stadig spørsmål om dette, men kvifor er det så rart? Er ikkje 2. verdskrig og andre store krigar tema for svært mange andre kunstformer. Ein spør aldri forfattarar eller filmskaparar om kvifor dei skriv eller lagar filmar om dette temaet, konstaterte Sand.

Etter føredraget fekk underteikna prata litt meir med kunstnaren. Her fekk han mellom anna spørsmål om kvar kunstnaren Sand ville vore om ikkje han hadde henta inspirasjon frå historikken.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no