Dei 16 på fotballskulen på Mallorca lærte mykje om å konsentrera seg på trening.
Dei 16 på fotballskulen på Mallorca lærte mykje om å konsentrera seg på trening.

Stor Os-delegasjon på Mallorca Camp

Ørjan Sandal hadde mange osingar på fotballskulen på Mallorca no i haustferien.

Den tidlegare Lysekloster-trenaren gjekk i vår over til å satsa på fotballskular. Hjellestad-karen har også drive med dette tidlegare i livet. Denne gongen som før er det på Alcudia på Mallorca han har skulane.

– Fotballskulen er kalla Camp Mallorca og er i utgangspunktet for spelarar i alderen 13-15 år. Likevel har me hatt eit par utanom kjernealderen. Mellom anna hadde me to 12-åringar med denne gongen, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kombinert familietur

Totalt 16 spelarar deltok på fotballskulen som vart avslutta måndag denne veka. Blant desse var det fire Os-spelarar, fire Lysekloster-seplarar, samt to osingar som spelar i andre klubbar, nemleg Knut Jordal og Madelene Koldal Holme.

– Elles hadde me Mats Torp Nielsen, Scott Nord Drange, Henrik Sperrevik, Erik Fiksdal, Mathias Ørbeck, Jonas Kvam, Kristian Eidsnes og Henrik Johannessen. Alle gjorde ein kjempefin innsats, fortel Sandal.

Han legg til at dei fleste som var med på turen også hadde med seg foreldre.

Litt anna enn fotball var det også tid til. Mellom anna litt balansetrening på SUP-brett.
Litt anna enn fotball var det også tid til. Mellom anna litt balansetrening på SUP-brett.
Felles trening og felles middag gjev godt sosialt samhald.
Felles trening og felles middag gjev godt sosialt samhald.
Camp Mallorca-gjengen med trenar Carlos Cuesta Garcia.
Camp Mallorca-gjengen med trenar Carlos Cuesta Garcia.

– Det var mange som kombinerte det og gjorde ein familietur av det heile. Det fungerte fint, fortel han.

Topp trenar

Med seg til å leia treningane på Alcudia hadde Sandal Carlos Cuesta Garcia frå Atletico Madrid og Enric Taberner Palmer.

– Carlos er ungdomstrenar i Atletico, ein klubb som er blant verdas beste på å utvikla spelarar. Dette er verkeleg blant dei beste trenarane ungdom i dag kan ha, konstaterer Sandal.

– Kva fokuserte de på?

– Det handla veldig mykje om konsentrasjon, fokus og det å vera mentalt på plass når ein trenar. I tillegg jobba me mykje med bevegelsar, posisjon når ein mottek ball og orientering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det ei fjør i hatten at såpass mange frå Os var med på den første «nye» fotballskulen din?

– Ja, kanskje litt. Det er ei tillitserklæring at folk frå området der eg har jobba mykje det siste har trua på opplegget vårt her nede, seier Sandal.

Neste fotballskule på Mallorca arrangerer han til påske.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no