Søndag er det førpremiere på Vildmarkens Søn, som handlar om Jimmy Øvredal, i Oseana. I romjula blir filmen vist på NRK.
Søndag er det førpremiere på Vildmarkens Søn, som handlar om Jimmy Øvredal, i Oseana. I romjula blir filmen vist på NRK.

Store Jimmy på det store lerretet

Regissør Frode Fimland har fått følgja Jimmy Øvredal i fjellheimen i Øvredalen. Søndag blir resultatet vist på Oseana og i romjula blir programmet vist på NRK.

– Kva finst i kløfta mellom røyndom og folketru? Sidan han var liten gut, har Jimmy Øvredal leika seg i fjellheimen i Øvredalen. Poeten, bonden, læraren og musikaren lever tett på fuglane og skapningane frå norsk mytologi, og tolkar naturen sine teikn kvar einaste dag, skriv produsent Elisabeth Kleppe i ei pressemelding.

Det er Frode Fimland, mannen bak filmane Søsken til evig tid og Søsken til evig tid – Amerikareisa, som er regissør for Vildmarkens Søn. Filmen blir vist søndag kveld i Oseana og tredje juledag på NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan det henda at Jimmy frå Os har forstått noko vesentleg om nærleiken mellom menneske og natur, som dei fleste av oss har gløymt, skriv Kleppe i pressemeldinga.

Dette er ikkje første gong Øvredal og Fimland jobbar saman. Øvredal har tidlegarestilt med sin ekspertise i NRK sin serie Ut i naturen.

Snart er det jul. Idenne lenkja kan ein høyra om kva som er jul for Jimmy Øvredal. Då han vitja Os & Fusaposten kort tid før jul for to år sidan, tok vi ein lengre prat med han om nettopp jula.