(
(

Storfangst i 50-sona på Ulven

Politiet tok både fartssyndarar og sjåførar som brukte mobilen, då dei stilte seg opp på Ulven.

– Bilar som kom frå Irgenskrysset i retning Ulven blei kontrollerte i 50-sonen fredag ettermiddag. Sju blei tatt for å køyra for fort. Høgaste fart målt var 67 km/t. Fem sjåførar blei meldt for mobilbruk, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Godt nøgd med kontrollen ved Storestraumen

Laurdag hadde politiet kontroll i Bogstrandvegen. Der fann dei ikkje noko å reagera på, men det var heller ikkje mange bilane dei kontrollerte. Då dei hadde kontroll søndag føremiddag, ved Storestraumen, var det fleire å sjekka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då kontrollerte vi 41 bilistar, og det var ingenting å reagera på, seier Lyssand.

– Du høyrest overraska ut?

– Ja, det var mange kontrollerte, men så var det ikkje noko å reagera på – noko som jo er kjempebra, seier Lyssand.