Stig Sivertsen har fiska i 35 år. I dag fekk han opp ein laks på over 13 kilo, noko som er ny personleg rekord for fiskaren.
Stig Sivertsen har fiska i 35 år. I dag fekk han opp ein laks på over 13 kilo, noko som er ny personleg rekord for fiskaren.

Storfangst på første kast

– Det er den største laksen eg har fått opp, seier Stig Sivertsen, etter å ha fått ein laks på over 13 kg i Oselva i dag.

I tillegg til å vera den største laksen Sivertsen har fått opp, var også fisketuren blant dei kortaste nokosinne.

– Eg fekk han på første kast. Eg hadde eigentleg ikkje med meg utstyr for ein slik fisk, og snella fungerte ikkje skikkeleg, så det var litt armar og bein, seier Sivertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiskaren jobba i eitt kvarter før laksen gav seg på tap.

– Det var action i starten, men eg trur sluken låste seg i kjeften på han, og etter eit kvarter låg han med buken opp, og eg kunne plukka han opp med hendene. Heilt perfekt, for eg hadde ikkje med meg håv.

Skal fiske i kveld

Etter å ha fått fisken på land, reiste Sivertsen vidare og fekk lagt han i frysaren.

Laksen er 110 cm lang og veg kring 13 kilo.
Laksen er 110 cm lang og veg kring 13 kilo.

– Laksen er 110 cm lang, og ifølgje tabellen er han 13,2 kg. Eg skal vega han seinare når han er frosen.

Laksen blei tatt i Kremretten. Sivertsen skal attende og fiska vidare i kveld.

– Det blir full runde i kveld og i morgon, før eg reiser på jobb.