Frode Andresen viser stolt fram langa på 19 kilo.
Frode Andresen viser stolt fram langa på 19 kilo.

Storfisk på stong

I helga fekk Frode Andresen ein storfisk på kroken. Langa var heile 19 kilo og blei fiska med stong.

Den digre langa blei dradd opp i båt ute i Bjørnefjorden. Med stong var fisken tung å få opp i båten.

- Eg drog han opp ti meter, så drog han ti meter ned igjen. Slik heldt det på heilt til den var komen halvvegs opp. Etter det blei det lettare, seier Andresen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veldig stor

Fisken, som beit på kroken på 70 meters djup, er den soleklart største Andresen har fanga.

- Eg har tidlegare tatt ein på tolv kilo når eg dykka, men den største eg hadde fått på stong, var ein sei på sju kilo, fortel hobbyfiskaren.

Andresen trur at den lange langa er ei av dei største som er fanga i Bjørnefjorden.

- Eg trur ikkje det er tatt så mange større fiskar, seier Andresen nøgd.

For mykje av det gode

Andresen er ofte på sjøen og prøver fiskelykka. Det resulterer i mykje fisk. Kanskje litt for mykje.

- Kjerringa lurer på kva eg skal med all denne fisken, humrar Andresen.

Det blir nokre måltid med fangsten, men 19 kilo er nok i meste laget.

- Vi skal ha ein stor langemiddag i morgon. Då er det ein tidlegare fisk som står på bordet. Den nyfiska langa har vi filetert og fryst, fortel Andresen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv om frysaren nærmar seg full, så skal Andresen på farten igjen.

- Eg skal ut å fiska i dag også. No håpar eg å finna endå ein sværing.

Spørsmål om tid

Andresen har drive med fiske ei stund, og er stornøgd med at det endeleg satt ein ordentleg sværing på kroken.

- Det var gøy å sjå kor stor den var. Eg trudde ikkje at den var 19 kg når eg drog den opp, sjølv om det er den tyngste kampen eg har hatt mot ein fisk nokon gong, seier fiskeentusiasten.

Han hadde venta at han ein gong skulle få eit slikt monster på kroken. Likevel var det fleire som var i sjokk når langa kom opp frå vatnet.

- Det var eit spørsmål om tid før det kom ein sværing. Ungane var ikkje heilt førebudde, og yngstejenta blei livredd når eg drog langa opp i båten.