Det har vore nokre tilfelle av dieseltjuveri frå Os vidaregåande skule den siste tida.
Det har vore nokre tilfelle av dieseltjuveri frå Os vidaregåande skule den siste tida.

Stort tjuveri frå Os vidaregåande skule

Politiet er kopla på etter at diesel-tjuvar har vore på ferde på skulen.

Det var førre helg natt til søndag at tjuvar stakk av med 5.000 liter blank diesel.

– Det er diverre ikkje første gong noko slikt skjer. Det verkar vera ei trend med tjuveri av diesel. I haustferien blei maskiner tappa for farga diesel, fortel rektor Johan Henrik Lassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har vore på staden og sikra bevis. Rektor har venta på ein del data, og vil melda forholdet til politiet i morgon, onsdag.