Me må bruka skulen som ein arena for å gje alle born ein moglegheit til å lukkast, uavhengig av kva heim dei kjem frå, skriv Sanda Austgulen (Ap).
Me må bruka skulen som ein arena for å gje alle born ein moglegheit til å lukkast, uavhengig av kva heim dei kjem frå, skriv Sanda Austgulen (Ap).

Sunt skulemåltid kvar dag

Det viktigaste for Arbeidarpartiet er å gje alle elevar ein sjanse til å lukkast i skulen, skriv Sandra Kristin Austgulen (Ap).

Forsking viser at sunn skulemat kan bidra til auka lærelyst og til å skapa meir trivsel i skulen. Skulefrukosten her på Os vgs er eit godt eksempel på noko me treng meir av. Her i Hordaland har Arbeidarpartiet løyvd 4 millionar kroner til skulefrukost, men me treng ei nasjonal satsing.

Arbeidarpartiet går no til val på at skulane skal kunne tilby eit sunt måltid kvar dag til elevane. Helsedirektoratet har peika på skulemat som viktig for elevane si læring, og ikkje minst som ein moglegheit til å bidra til sunne matvanar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste samanliknbare land har i dag ei eller anna form for skulemat. Dette må me også kunna ta oss råd til i Noreg.

Sjansen for at born og unge frå låginntektsfamiliar skal droppa ut av skulen er mykje større enn dei som har foreldre med høg inntekt og lang utdanning. Dei same borna er også meir utsette for overvekt og livsstilssjukdommar.

Me må bruka skulen som ein arena for å gje alle born ein moglegheit til å lukkast, uavhengig av kva heim dei kjem frå.

Kristin Austgulen (Ap)

Kommunestyrerepresentant