annonse

Svanemeldingane held fram med å strøyma inn til politiet

: ( (Foto: Ilustrasjon)

Nærast dagleg, og av og til fleire gonger for dagen, får politiet meldingar om svaner som går mellom bilane på Halhjem ferjekai.

Benjamin Søgnen Olsen

– Dette er noko som vi må bruka mykje tid og krefter på. Til dømes må desse meldingane loggførast, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Torsdag kveld kom det to meldingar med åtte minutts mellomrom, frå to ulike personar på Halhjem ferjekai.

– Dei opplyser kor mange dei er, kva merking dei har og så vidare. Svanene går mellom bilane, fortel dei. Meldarane er ikkje frå Os, fortel Lyssand.

Meiner at svanemating er problemet

Olav Tøsdal, som jobbar rett ved ferjekaia, meiner at svanemating er problemet. Han har sjølv observert at folk filmar svanene mens dei matar dei i busslomma på ferjekaia.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut