Trine Lindborg er mildt sagt forundra over lesarbrevet til Laila Reiertsen.
Trine Lindborg er mildt sagt forundra over lesarbrevet til Laila Reiertsen.

Svar til Laila Reiertsen og Os Frp: Vi jublar fortsatt, og ein spade er ein spade

Vi gler oss framleis over at Frp ønskjer å søkja om tilskot til bygging av kjøken på Lurane. Det skulle jo berre mangla vi har jo kjempa for dette i årevis!

Målet og håpet var jo sjølvsagt at dette skulle takast med i prosjektering og utbygginga på Lurane, slik at ein skulle sleppa ekstrakostnader i ettertid. Det er også grunnen til at både vi i Arbeidarpartiet og fleire av dei andre opposisjonspartia har hatt det med i sine budsjettframlegg år etter år, utan å få tilslutning frå Frp og Høgre.

Men når den nye, fine sjukeheimen stod ferdig i november, utan kjøken,- ja, så var det likevel naturleg for oss å ikkje gje opp kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi søkte derfor støtte i kommunestyret til å setja i gang med eit prosjekt for å greia ut kva det faktisk ville kosta med bygging, drifting og kva for andre brukargrupper som eventuelt kunne få gleda av eit slikt mattilbod.

At føremålet med dei 100 000 kronene vi sette av i budsjettet til dette prosjektet er gått Laila Reiertsen og resten av Os Frp hus forbi, det får stå for deira eiga rekning.

Vi i Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe synest denne saka er for viktig til at vi skal bruka tid på kven som jublar mest og minst.

Ap har ein heilt klar agenda: Vi vil at det skal byggast institusjonskjøken på Luranetunet som skal ivareta behova, valfridomen og livskvaliteten til dei som bur der!

Dette handler ikkje om oss politikarar og ordkløyveri som «gryteklart kjøken» osv. Dette handlar om livskvalitet, valfridom og omsorg for dei som ikkje ropar så høgt lenger, og som kanskje aldri har gjort det!

Helge Steinum, Tone Hepsøe, Harald Døsen, Sandra Kristin Austgulen, Gisle Hesjedal, Trine Lindborg, Arild Mads Nilsen

Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe