Ein knust Sverre Lunde Pedersen får trøyst av kjærasten og mor og far.
Ein knust Sverre Lunde Pedersen får trøyst av kjærasten og mor og far.

Sverre fall frå gullet

Sverre leidde med ein heil langside, men fall med åtte rundar att, og mista VM-gullet til Patrick Roest.

– Det skal ikkje vera mogleg å falla og reisa seg og vinna over Kramer, men Patrick Roest klarar ikkje Sverre no, kommenterte sjokkerte reportarar i NRK-boksen.

Etter å ha konstatert at det blei sølv snakka ein medtatt Sverre med TV-reporterane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du kan tenkja deg kor surt dette her er. Det er nett så eg ikkje skjønar at det har skjedd, sukka Sverre.

Han hadde gode føresetnader før 10.000-meteren, men ein kan aldri førehandskalkulera eit mil-løp, særleg ikkje utandørs. Sverre leidde med sju sekund på Patrick Roest og 16 sekund på Sven Kramer.

Roest gjekk inn til 13,44,95 i nest siste par. I siste par stod det mellom den nidoble verdsmeisteren Sven Kramer og ein 25-årig osing som la grunnlaget på Slåtthaug kunstisbane i Fana.

Nitrist

Det starta så bra. Sverre var suveren.

– Sverre berre køyrar på. Det er nesten ikkje til å begripa, sa NRK-kommentator Even Wetten etter nær halvgått løp.

Etter dette byrja Sven Kramer å gå rundetidene ned, men Sverre svara bra.

Så skjer det. Sverre hektar, fell og mister 10-15 sekund.

Osingen reiser seg og passerer Kramer, men tapar for Patrick Roest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det tristaste eg har sett. Forferdeleg. Sverre hadde det i lomma. Dette er ikkje eit sølv me jublar for.