Sverre ligg på andreplass før det heile skal avgjerast på 10.000-meteren

Det er fordel Patrick Roest før 10.000-meteren i allround-VM, men som Sverre Lunde Pedersen sjølv sa tidlegare i dag: Alt kan skje.

Osingen Sverre Lunde Pedersen går for gullet som han fall frå i allround-VM i fjor. Han opna VM med å setja ny personleg rekord på 500 meter med tida 35,85. Seinare laurdag såg osingen ut til å gjera ein sterk 5.000 meter, men dei siste rundane stod ikkje i stil med resten av løpet, og osingen enda dermed på tredjeplass.

– 5.000 meteren gjekk veldig bra i ti runder, men eg fekk svi litt på slutten og tapte sigeren til Roest og Kramer. Eg blei litt hissig på grøten midtvegs, seier Lunde Pedersen til TV 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei tøft mot slutten av 1.500-meteren søndag også, men osingen beit tennene saman og gjekk inn til siger. Han måtte slå Roest med 88 hundredelar, men det blei med to tidelar. Dermed er det fordel Roest som kan gå på tidene til Sverre Lunde Pedersen på siste og avgjerande distanse, 10.000-meteren.