Når nær 50% av skattelettene til Erna Solberg og Siv Jensen går til dei frå før 10% rikaste, så aukar det forskjellane. Når vanlege folk vert prisa ut av bustadmarknaden på grunn av politisk feigheit og vill bustadspekulasjon, så aukar det forskjellane.
Når nær 50% av skattelettene til Erna Solberg og Siv Jensen går til dei frå før 10% rikaste, så aukar det forskjellane. Når vanlege folk vert prisa ut av bustadmarknaden på grunn av politisk feigheit og vill bustadspekulasjon, så aukar det forskjellane.

Ta kampen mot auka forskjellar!

Små forskjellar mellom folk er bra for alle, men likevel aukar dei økonomiske skilnadane.

I dag eig dei 10% rikaste hushaldingane om lag 50% av all formue i Noreg. Forskjellane har auka gjennom fleire tiår. Tal frå SSB viser at dei som tener mest, tar ein større del av inntektene i dag enn for 30 år sidan. Samstundes får dei 10% fattigaste i landet, stadig mindre del av samfunnet sine totale inntekter. Dei rike blir rikare, og dei fattige blir fattigare.

Det aller beste med Noreg er at me er eit samfunn prega av tillit og samhald, der alle bidrar. Utviklinga i land som USA og Storbritannia viser kor ille det kan gå når eit mindretall stikk av med den økonomiske veksten: Dei som har lite, blir hengande stadig lengre etter, samstundes som ein liten elite opplever eventyrleg inntektsvekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg er framleis eit land med mindre forskjellar enn dei fleste land me samanliknar oss med, men dette er ikkje skrive i stein. Om utviklinga held fram slik den har gjort dei siste tiåra, vil forskjellane verta mykje større i framtida. Når nær 50% av skattelettene til Erna Solberg og Siv Jensen går til dei frå før 10% rikaste, så aukar det forskjellane. Når vanlege folk vert prisa ut av bustadmarknaden på grunn av politisk feigheit og vill bustadspekulasjon, så aukar det forskjellane. Når regjeringa kuttar målretta i stønad til dei fattigaste, til dømes ved kutt i uføretillegget til barnetrygda, i feriepengar for arbeidslause, i kjøpekrafta til pensjonistane, ja – så aukar det forskjellane.

SV meinar tida er inne for ein politikk som tør å kjempa mot forskjellssamfunnet. Me treng eit meir omfordelande skattesystem med mindre skatt på arbeid, og meir skatt på formue, arv og eigendom.

Over 90.000 norske barn lever i fattigdom. Arbeid er den viktigaste vegen ut av fattigdom. Difor må me både sikra at fleire får muligheit til å delta i arbeidslivet og styrkja dei omfordelande ordningane me veit verkar. I stnden for å redusera skattane til dei som har mest, vil SV auka barnetrygda og satsa på barnehagar og skole. Slik kan me hindra at born som i dag lever i fattigdom, blir fattige vaksne i framtida.

Valet i haust er eit retningsval for Norge. SV vil satsa på fellesskapet og ta kampen mot auka ulikskap i samfunnet.

Mette Holmefjord Olsen

Fusa SV