Området ved Knutabruo er veldig mykje brukt og folk kjem langvegs frå jamleg. Men brukameratane har den siste tida registrert fleire stygge sår i trea, særleg ved den nedste gapahuken.
Området ved Knutabruo er veldig mykje brukt og folk kjem langvegs frå jamleg. Men brukameratane har den siste tida registrert fleire stygge sår i trea, særleg ved den nedste gapahuken.

- Ta omsyn til trea kring Knutabruo

Stadig fleire tek området kring Knutabruo i bruk. Det gler Brukameratane stort. Men der er eit men, og no kjem dei med ei klar oppmoding.

Peder Fløysand er ein av brukameratane. Han fortel at dei no har rydda til påske kring dei to gapahukane ved brua.

- Området er veldig mykje brukt og folk kjem langvegs frå jamleg. Men me har den siste tida registrert fleire stygge sår i trea, særleg ved den nedste gapahuken. Her er det tydelegvis nokon som har hogd og skore i fleire av trea. Dette ser svært skjemmande ut, seier Fløysand, som oppmodar både små og store til å følgja med og tenkja seg om.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Treng ein ved, så ligg det mykje tørre greiner på bakken, minnar han om.

jostein@osogfusa.no