Testkommunane er strålandes nøgde. Og ikkje minst brukarane føler seg godt ivaretekne. Til og med dei som sit med ansvaret, og som skal effektuera ulike vedtak ser at prosjektet er liv laga, skriv Laila Reiertsen (Frp).
Testkommunane er strålandes nøgde. Og ikkje minst brukarane føler seg godt ivaretekne. Til og med dei som sit med ansvaret, og som skal effektuera ulike vedtak ser at prosjektet er liv laga, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Takk for at me fekk prøva statleg finansiering av eldreomsorga!

Statleg finansiering av eldreomsorga som Frp har gått i bresjen for, vart snakka ned av mange då det vart sett ut i livet. Og det var stor skepsis til forsøksordninga. Så langt i prosjektet (vel eitt år) har ein bevist at det fungerer slik det skal, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Testkommunane er strålandes nøgde. Og ikkje minst brukarane føler seg godt ivaretekne. Til og med dei som sit med ansvaret, og som skal effektuera ulike vedtak ser at prosjektet er liv laga.

«Vi opplever at brukaren står mykje meir i sentrum» vert det sagt. Gledeleg å høyra frå eit Frp-hjarte. For dette var nett ein av dei viktigaste grunnane til at me ville innføra statleg finansiering.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg ser ein at ein formar tenestene på ein heilt annan måte enn før. Ein får meir struktur på vedtaka og ein kvalitetssikrar undervegs.

Ein får og ei heilt anna økonomisk tilnærming. Ein får direkte betalt for det ein treng. Fagleg utvikling, tryggare økonomiske rammer og ein betre oversikt er andre stikkord som kjem av ordninga.

Det at forsøkskommunane no tiljublar ordninga gjer at Frp vil arbeida for at prosjektet i ei eller anna form vert vidareført. Nettopp fordi det verkar. Likebehandling av brukarane og kontroll på det økonomiske burde stått høgt på dagsorden også hos andre parti.

Uansett så vil me i Frp alltid stå på for dei eldre, så lenge me får vera med og påverka. Statleg finansiering vil i vår ånd vera eit godt verkemiddel til at eldreomsorga skal vera rettferdig, verdig og trygg i heile landet.

Er du einig? Stem Frp!

Laila Reiertsen

Os Frp