Os jenter 16 er klar for Bringserien og spelar første runde helga 10.-11. november.
Os jenter 16 er klar for Bringserien og spelar første runde helga 10.-11. november.

Takla presset og gjekk til Bring-serien

Os jenter 16 måtte slå Ålgård for å ta seg til Bringserien. Det takla dei med bravur.

– Eg er sinnsjukt imponert over jentene. Dei måtte prestera på høgt nivå for å klara dette, for det var tøff motstand i alle kampane, fortel trenar Mia Torp Nielsen.

God start

I sitt første forsøk på å nå Bring-serien (landsserien for aldersbestemte handball-lag) vart Os jenter 16 nummeret for små. Dermed måtte dei ut i ekstrakvalik no i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vart nummer tre i pulja på Lillestrøm. Det gav oss ein ny sjanse til å kvalifisera oss. Den tok jentene godt vare på, må eg seia, konstaterer Torp Nielsen.

Helgas ekstrakvalik gjekk av stabelen i Steinsvik Arena på Haugalandet i Rogaland. I første kamp slo jentene vertslaget Haugalandet med fire mål. Deretter vart det ein tøff kamp mot bergensarane i BHK.

– BHK har eit svært godt lag, men me tapte berre med tre mål og sa oss nøgde med det, fortel trenaren.

Andreplass-finale

Etter å ha vunne ein og tapt ein kamp var det klart at søndagens oppgjer mot Ålgård blei vinn eller forsvinn.

– Ålgård hadde same resultat som oss frå laurdagen, så her stod andreplassen i pulja og billetten til Bringserien mellom oss og dei, fortel Mia.

– Og korleis takla jentene presset?

– Dei heva seg og spelte ein svært god kamp. Me hadde bra kontroll, leidde heile vegen og vann til slutt med fire mål, oppsummerer trenar Mia.

No blir det landsserie-spel alt frå og med helga 10.-11. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor skal de spela?

– Det er ikkje klart kva pulje me kjem i, eller kvar første spelhelga går av stabelen. Men både jentene og me i trenarteamet er klare.

– Har du tid til dette då, Mia?

– Ja, no er eg nyleg operert og kan ikkje spela sjølv på lang tid, så då passar det bra å få konsentrera seg om trenarjobben, konstaterer Mia.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no