Trond Førde Eriksens jenter klarte ikkje å hamla opp med sterke Oppsal 2 søndag.
Trond Førde Eriksens jenter klarte ikkje å hamla opp med sterke Oppsal 2 søndag.

Tapte stort for Oppsal 2

Os-damene fekk det tøft heime mot Oppsal 2 søndag og tapte heile 18-29.

Oppsal 2 har berre spelt fire kampar til no denne sesongen. Med sigeren borte mot Os-damene har dei full pott. Sjølv om dei per dags dato berre litt på fjerdeplass, er det mykje som tyder på at Oslo-laget, som osingane tapte for på søndag, er det beste laget i denne avdelinga (04) i andre divisjon.

Nett no vert avdelinga toppa av Oslo-Studentenes IK som har spelt ni kampar og står med 12 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Over streken

Os-damene har spelt seks kampar og står no med fire poeng. Me det ligg dei på tiandeplass, like over streken. Under seg har osingane Bjørnar og Sotra. Sistnemdne står som motstandar når Os-damene spelar sin neste seriekamp borte i Sotra Arena onsdag 15. november.