MS Midthordland er berre eitt av 70 fartøy som skal delta på veteranskipsfestivalen Fjordsteam i Bergen.
MS Midthordland er berre eitt av 70 fartøy som skal delta på veteranskipsfestivalen Fjordsteam i Bergen.

Tek med seg reisande frå Os og Fusa

70 fartøy skal delta på veteranskipsfestivalen Fjordsteam i Bergen frå 2. til 5. august. Fleire av dei kjem innom Os og Fusa på ferda til Vestlandshovudstaden.

Fjordabåtar, lokal- og kystruteskip, lasteskip, fiske- og fangstfartøy, spesialfartøy, agentbåtar, redningsskøyter og marinefartøy er berre noko av det du vil finna i hamna i Bergen under årets Fjordsteam. Med 70 påmeldte fartøy er årets festival tidenes største veteranskipsfestival, ifølgje nettsida til festivalen.

– Meir enn 60 prosent av fartøya står på Riksantikvaren si liste over verneverdige og freda fartøy. Av desse er ti små og store dampfartøy påmeldte, det største talet dampfartøy som har vore samla i ei norsk hamn sidan 1950-tallet, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

M/S Rogaland til Sævareid

Festivalen startar torsdag 2. august, og på veg til Bergen skal fleire av fartøya innom Os og Fusa for å plukka opp passasjerar.

Passasjer- og lasteskipet M/S Rogaland stod ferdig i september 1929. I 1930-åra gjekk skipet i Kysthurtigruten mellom Sandnes/Stavanger og Oslo og Nattruten mellom Sandnes/Stavanger og Bergen.

Frå 1947 til 1957 vart dampskipet nytta i godsruta mellom Oslo og Bergen, og var mellom anna innom Sævareid i Fusa før det la til kai i Bergen.

M/S Rogland har ikkje vore i Sævareid sidan 1950-talet. Torsdag i neste veke legg dampskipet frå 1929 til kai i bygda.
M/S Rogland har ikkje vore i Sævareid sidan 1950-talet. Torsdag i neste veke legg dampskipet frå 1929 til kai i bygda.

2. august reiser M/S Rogaland frå Leirvik til Sævareid før det går vidare til Bergen.

– Skipet har ikkje vore i bygda sidan 1950-talet, fortel dagleg leiar i Det Midthordlandske Dampskibsselskap A/S, Helge Andersen.

MDS er med å arrangera Fjordsteam.

Bygt hjå Nordtveit Båtbyggeri

MS Midthordland er sjølvsagt også med på turen. 2. august siglar skipet frå Eikelandsosen klokka 13, og skal innom Venjaneset, Os og Vedholmen før det går vidare til Hjellestad, Flesland kai, Kleppestø og Bergen.

– Det vert ein konvoi med gamle båtar inn til Bergen, opplyser Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tredje båten som legg turen innom Bjørnefjorden torsdag om ei veke, er M/S Lindenes. Treskuta vart bygt i 1943 hjå Nordtveit Båtbyggeri, og trafikerte blant anna Sørfjorden som arbeidsrutebåt mellom Odda, Tyssedal og Zinken. Arbeidskyssen opphøyrte kring 1973.

Turen går frå Valardsøy og Gjermundshamn og vidare til Årbakka, Nordteitgrend og Bergen.

Køyretøyparade

Fjord-steam-festivalen varer i fire dagar til endes. I tillegg til å gjera seg kjent med dei ulike veteranskipa, kan publikum få med seg ei lang rekkje føredrag, offisiell opning av Kystsogedagane, samt mange kjekke opplevingar til lands.

– Det vert utstilling og demonstrasjonar av stasjonære motorar og maskinar. Det vert eit eige telt for modellbåtar og andre morosame saker. I tillegg vil fleire veteranbussar køyra i rute fra Åsane, Nesttun og Fyllingsdalen, og det vert historiske brannutrykningar og i ein storstilt køyretøyparade, heiter det på nettsida til festivalen.

camilla.kvamme@osogfusa.no