Bjørn Arne Braathen går gjerne føre som eit godt eksempel og jobbar frivillig for at badeplassen ved Vindalsvatnet blir rusta opp, men håpar også at fleire sambygdingar blir med på løftet.
Bjørn Arne Braathen går gjerne føre som eit godt eksempel og jobbar frivillig for at badeplassen ved Vindalsvatnet blir rusta opp, men håpar også at fleire sambygdingar blir med på løftet.

Tek tak for badeplassen ved Vindalsvatnet

Bjørn Arne Braathen har starta innsamlingsaksjon for oppgradering av badeplassen ved Vindalsvatnet.

Helst skulle han ha sett at kommunen overtok vedlikehaldsansvaret for friluftsperla på Søfteland, men inntil så eventuelt skulle skje, tek Braathen skeia i eiga hand.

– Kor mange sørvest-vende badeplassar har me på Søfteland, spør Braathen retorisk, før han svarar sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein, me har ein, og den må me ta vare på, slår Braathen fast.

Frivillig arbeid

Eigedomsmeklaren veit kva han snakkar om når han skryter av beliggenheit. Badeplassen ved Vindalsvatnet er noko for seg sjølv.

– Me bur sjølv i Internatvegen, berre 100 meter frå, og me er glade brukarar av det flotte friluftsområdet ved vatnet. Dette er ein utruleg fin plass som kan vera til glede for heile bygda, men med åra har ting forfalle. Det må me gjera noko med, seier Braathen.

Også vinterstid er badeplassen ved Vindalsvatnet ein idyllisk plass. Ein del av redningsutstyret som må vera på plass, skal også hjelpa folk om dei går gjennom isen.
Også vinterstid er badeplassen ved Vindalsvatnet ein idyllisk plass. Ein del av redningsutstyret som må vera på plass, skal også hjelpa folk om dei går gjennom isen.

Han er sjølv administrator av Facebook-sida Vindalsvatnet Friluftsområde. Her oppfordrar han no sambygdingane til eit kollektivt løft for plassen.

– Eg har sagt at eg kan gjerne gå i front og gjera mykje av oppgraderinga, men at det vil vera kjempefint om folk blir med og tek eit tak, seier han.

34 bidragsytarar til no

For dei som ikkje er i form, eller av andre grunnar slit med å hjelpa til, har Braathen invitert til spleiselag for å få litt pengar til opprustinga.

– Sjølv har eg klippa plenen der nede i mange år. Det gjer eg med glede. Men skal me få tak i ny grus, fornya redningsutstyret og få på plass nye benkar og bord, så kostar det meir enn frivillig innsats. Difor starta eg spleiselag denne veka, fortel han.

Då Os og Fusaposten prata med han onsdag, var det 34 bidragsytarar som hadde hive seg på. Totalsummen var då oppe i 7.450 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort potensiale

Også med tanke på vinterstid er det viktig å fornya utstyret.

– Me har ein stige som er meint for å hjelpa folk opp av vatnet om dei går gjennom isen. Den er heilt råtten og må skiftast ut.

– Dette er ein plass med stort potensiale. Om me får pengar til å kjøpa ny sand i strandområdet, ny badeflåte ute på vatnet og gjerne nokre sittebenkar og litt redningsutstyr, så blir dette ein kjempefin badeplass igjen, ein plass som svært mange kan få glede av å bruka, konstaterer Braathen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no