Kan ikkje dei folkevalde (særleg posisjonen) sjå dei sosialpolitiske gevinstane eit samlingslokale i sentrum vil kunna gje?
Kan ikkje dei folkevalde (særleg posisjonen) sjå dei sosialpolitiske gevinstane eit samlingslokale i sentrum vil kunna gje?

Tenk om politikarane i Os kunne sjå den sosialøkonomiske gevinsten dei kan få ved å behalda Fjellheim

Er dei folkevalde medvitne om at ungdomshuset Fjellheim har ein viktig funksjon på tvers av klasseskille. Eit ungdomshus der born og unge kan ha ulike aktiviteter, er førebyggjande mot utanforskap, skriv Tove Nøss Håvardstun.

Etter å ha våre på deler av eit kommunestyremøte der tertialrapporten sikkert var viktigaste post for folkevalde og administrasjon, lurer underteikna på om det finnes kompetente konsekvensanalytikarar blant våre folkevalde.

Særleg gjeld dette posisjonspolitikarane då det er de som sit med makta. Det er de som har avgjerdslemynde. Eg vil her trekkja fram saka om Fjellheim. Eg er redd for at de ikkje ser den sosialøkonomiske gevinsten de kan få ved å behalda ungdomshuset Fjellheim. Verre er det dersom de ser det, men likevel vel å kvitte dykk med huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre av posisjonen sine aktørar skal i samtalar med Foreininga Bevar Fjellheim sine medlemer ha sagt at dei ønskjer at Fjellheim skal bestå, men teier om dette på dei politiske møta. Håper ikkje dette er eit kjend fenomen hos våre folkevalde? Då talar dei med to «tunger», ei privat og ei med politikerhatten på. Eg er godt kjend med det politiske spelet der partia blir einige på «bakrommet» om kva dei skal meina – og røystar deretter. Partipisken rår.

Kven som eig makta og er premisslevarandør i dei ulike partia på bakrommet, vekslar forhåpentleg i fra sak til sak, avhengig av kven som har kunnskap om – og kompetanse vedrørande sak dei skal røysta over. Verre er det dersom same person set premissane på «bakrommet», uansett kunnskap om sak.

Fjellheim er ikkje berre ei arkitektonisk kulturperle eller eit forsamlingshus for gamle nostalgiske sambygdingar med musikk og idrettsinteresser. Kan ikkje dei folkevalde (særleg posisjonen) sjå dei sosialpolitiske gevinstane eit samlingslokale i sentrum vil kunna gje?

Er dei folkevalde medvitne om at ungdomshuset Fjellheim har ein viktig funksjon på tvers av klasseskille. Eit ungdomshus der born og unge kan ha ulike aktiviteter, er førebyggjande mot utanforskap. Det er ikkje alle barnefamiliar som har økonomi til å sende barna sine til kulturskulen. Einslige foreldre med to eller tre born har ikkje moglegheit til å nyttigjera seg kulturskulen sine tilbod.

Både på nasjonalt og lokalt nivå er aukande fattigdom og klaseskille underkommunisert. Fleire og fleire unge «fell» utanfor arbeidsmarknaden. Og, fattigdomen aukar.

Dersom born og unge manglar ei positiv tilhøyrsle og står utanfor mestringsarenaer, viser all adekvat forsking, at dette reduserer ein persons sjølverde og helse. Når ein høyrer at sosialbudsjett og utgiftene i barnevernet i kommunen stadig vert større, undrar eg på om politikarane våre ikkje innser at aktiviteter med lav kostnad for barne – og ungdomsfamilier er forebyggande. Eg veit godt at de som politkarar har sett i gang eit førebyggjande tiltaket på skulefronten. Eg tenkjer då på meistringsteamet som er eit framifrå godt fungerande tiltak. Men dette er desverre ikkje nok.

Så, om kommunen sjølv hadde drifta Fjellheim og fått interesserte ungdomar og vaksne til å ta ansvar for å prosjektera bruken av huset, er eg viss på at fleire ville meldt seg. Mange ville ta ansvar for rammer og innhald av prosjektet. «Fritio» kunne blant anna atter ein gong blitt aktualisert. Tidlegare deltakarar i «Fritio» veit at dette let seg gjennomføra også i dag. Ikkje nødvendigvis av dei «gamle kreftene», men av nye aktører.

Blir det liv og lys i Fjellheim vil dei unge trekkja opp der for å sjå kva som foregår slik dei gjorde før. Nysgjerrigheita vil koma, det er tull å tru at ikkje dei vanlege mekanismane vil tre i kraft. Særleg vil denne mekanismen rå for dei som ikkje har anna og ta seg til. Ungdom og born vil vera nysgjerrige på kva som foregår i huset. Eg har enno ikkje sett at det er born eller unge som «heng» utanfor Oseana. Nei, dit går dei ikkje fordi dei veit at det krevst pengar. Dei tenkjer atomatisk at her foregår «finkulturen». Deira kjensle av utanforskap medfører at dei opparbeider eit negativt bilete av «utstillingsvindauge» Oseana. Denne negative trenden kan de politikarar være med på å snu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse ungdommane kan nemleg ikkje som i Fjellheim berre gå inn i Oseana og sjå kva som foregår, noko dei kan gjera dersom nokon spelar «deira» musikk, om til dømes eit band øvde i Fjellheim. Så og med dansegrupper og andre virksomheiter.

Eg er viss på at verken Eirik Søfteland, Olav Skorpen, Leif Østrem, Terje Lyssand eller alle dei andre med behov for øvingslokale ville nekta dei nysgjerrige ungdomane å koma inn i lokala under øvingane deira. Eg har sjølv opplevd at ungdom kom inn og sette seg på scenekanten opp til fleire kveldar før dei turde prøve delta på aktivitetane i salen i Fjellheim. Det er tallause måtar å engasjera unge på og mange som ønskjer å bidra med ulike aktivitetar.

Ope hus ein eller to dagar i veka ville nok snart blitt kjærkome for mange. Her er det snakk om å være open for idear og vera kreativ slik at ungdom og andre brukarar sjølv kan ta ansvar og initiativ. Huset Fjellheim, gode rammer og struktur, vil kunna aktivisera både ungdom, born og eldre.

Kjære politikarar, de har klart å setja Os på kartet ved å bli kåra som ein av dei fire beste kommunane i landet å bu i for dei eldre. Kva med å bli ein av dei tre eller fire beste for born og unge? Tør de å satsa på eit prosjekt med fokus på førebyggande tiltak for born og unge med hovudvekt på aktivitetar. Der ansvaret for prosjektet ligg hos unge – og unge vaksne. Eit prosjekt i Fjellheim der drifta blir styrt av aktørane i huset som i «gamle» dagar. Desse saman med fagfolk i barnevernet, i NAV, i skule- og oppvekstsektoren vil kunna berika kvarandre med kreative idear. La sentrum si storstove Fjellheim vera samlingslokale for fellesskapet i eit femårig førebyggande prosjekt, der hovudmålet blir at aktivitetane ikkje skal kosta «skjorta» og i hovudsak skal nyttast av amatørar.

Prosjektet vil kunna gje sosialøkonomisk gevinst, så dersom eg var dykk, ville eg umiddelbart iverksett «Prosjekt Fjellheim». Og, hugs: Førebyggjing av utanforskap er «inn» i tida hjå stortingspolitikarane våre. Så kva med å senda ein søknad om statlege midlar til prosjektet?

Tove Nøss Håvardstun