Erik Rosendal og kollegaene i «Link Brands» fekk mykje skryt på opningsdagen fredag. Annika og Ole-Andreas Andersland var blant mange som var glade for det nye klestilbodet i senteret på Flåten.
Erik Rosendal og kollegaene i «Link Brands» fekk mykje skryt på opningsdagen fredag. Annika og Ole-Andreas Andersland var blant mange som var glade for det nye klestilbodet i senteret på Flåten.

Tenkte å ta ein roleg start – fekk kø på døra

Utan å annonsera opna Erik Rosendal klesbutikken «Link Brands» fredag. Det fekk stor merksemd.

– Me har jo vore ute i lokalt medium og fortald om butikken, men me har ikkje annonsert når me skulle opna. Likevel stod det kø utanfor då me opna dørene i dag, fortel eigar Erik Rosendal.

Han trur sosiale medium må ta noko av «skulda» for oppslutninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skreiv det på Facebook og Instagram, men det var også det heile. Elles ville me eigentleg ha ein roleg start utan for mykje oppstuss, smiler Rosendal.

Han er sjølvsagt ikkje lei seg over at folk nærast rann ned dørene på fredag.

– Det er kjempekjekt at folk er positive og vil kikka innom. Tanke min var berre at dei tilsette skulle få ei litt moderat opning med tid til å læra seg med kassa-apparatet og liknande, seier butikk-eigaren.

Erik Rosendal pussa opp lokalet sjølv etter at «Sellers» la ned i februar månad. Norenesingen satsa på mørke fargar.
Erik Rosendal pussa opp lokalet sjølv etter at «Sellers» la ned i februar månad. Norenesingen satsa på mørke fargar.

Lite søvn

Som vanleg når den tilflytta norenesingen opnar ny butikk, kjem det eit skjult gjesp i ny og ne under praten.

– Eg har jobba i heile natt. Alt måtte jo vera på stell, smiler butikkeigaren.

Også oppussinga av dei gamle «Select»-lokala har han gjort sjølv.

– Det var mange som var negative til at eg ville måla svart og mørkt, men i dag har folk skrytt mykje av det. Det blir fine kontrastar til kleda, seier Rosendal.

Frå før av har Rosendal to Stadion Sport-butikkar. I tillegg har han ein klesbutikk på Øyrane Torg i Arna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er den eg har hatt lengst, og det er erfaringane med den som fekk meg til å starta ein rein klesbutikk her på AMFI Os, seier han.

Butikken i Arna har namnet «Blaze». Med tida skal også den butikken få namnet «Link Brands».

kenneth.svenningsen@osogfusa.no