Førsteamanuensis Terje Knutsen i Os Senioruniversitet.
Førsteamanuensis Terje Knutsen i Os Senioruniversitet.

Terje Knutsen: Om Lenin og oktoberrevolusjonen

Kvar morgon kvart på ni gjekk ein mann inn i på biblioteket i Zürich for å skriva om kapitalismens undergang. Ein dag var han borte. Han hadde fått nyss om at tsar Nikolai II i Russland hadde abdissert. Han skjønte at forholda låg til rette for å gjera idear om til røyndom: Å la arbeidarane ta makta. Det var tid for å reisa heim. Mannen heitte Vladimir Lenin.

Dette fortalde førsteamanuensis Terje Knutsen frå Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han forelas om Oktoberrevolusjonen i Russland i 1917 i Os Senioruniversitet sist måndag.

Opptakten

Det var problematisk for ein russar å koma seg frå Sveits til Russland i 1917. Den enklaste reiseruta var gjennom Tyskland, men den var i praksis stengd ettersom Russland og Tyskland var i krig med kvarandre. Men den tyske generalstaben kjende til den revolusjonære Lenin og tenkte strategisk. Ein revolusjon ville svekka krigsevna til Russland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Generalstaben stilte i løynd eit tog til disposisjon. Lenin og eit trettitals revolusjonære fekk plass på toget, og kupeane var blomberte. Som startkapital fekk Lenin med seg ei kiste med gullmyntar. Vel framme i Stockholm vart han tatt imot av den sosialistiske ordføraren i byen. Han sytte for at Lenin fekk seg nye klede; i følgje myten var det her Lenin kjøpte den karakteristiske skuggelua som vi kjenner frå mange foto. Ferda gjekk vidare til St. Petersburg. Her elda han til kamp og organiserer opprørsviljuge arbeidarar, dei såkalla bolsjevikane. Lenin lanserte slagordet FRED – LAND – BRØD.

Gjennomføringa

Den 7. november 1917 slår bolsjevikane til. Lenin og ei handfull soldatar bestemmer seg for å fjerna den provisoriske regjeringa som held hus i Vinterpalasset. Vinterpalasset er svært, og dei revolusjonære var ukjende i bygningen. Terje Knutsen fortel at det tok Lenin fleire timar å finna rommet der regjeringa held til.

Sjølv om regjeringa var kasta, og Lenin proklamerte at han hadde tatt makta i Russland, skulle det ta fire-fem år før bolsjevikane hadde vunne ein endelig siger. Lenin møtte motstand frå mange hald, mellom andre frå den kvite armé som representerte det gamle borgarskapet og frå nasjonalistane. Også ulike minoritetsgrupper gjorde opprør. Framleis budde 80 prosent av russarane på landsbygda. Men til sist er all motstand meia ned. I 1922 vart Sovjetunionen proklamert.

Bakgrunnen

For å forstå den russiske revolusjonen, trekte Terje Knutsen trådane heilt tilbake til Ivan den grufulle på 1500-talet. Ivan bar tilnamnet med rette. Han brukte tortur og sende politiske motstandarar i fangenskap. Han tok livet av sin eigen son. Men Ivan makta å utvida det russiske riket mot sør og aust. Ivan den grufulle er den første russiske herskaren som tar tittelen tsar.

Peter den store var russisk tsar frå 1682 til 1725. Han sto bak ei djuptgripande modernisering av Russland, både militært, administrativt og kulturelt, og innførde ei rekke reformer etter vestlig modell. Han inviterte vestlige handverkarar og ingeniørar i tusental til Russland. Peter den store gjorde Russland til ei europisk stormakt utover på 1700-talet.

Russland – til liks med den vestlige verda elles – opplevde industrialisering på slutten av 1800-talet. Men dei russiske arbeidarane levde under forferdelige forhold. Bøndene vart også haldne nede. Adelskapet hadde framleis privilegium. Motviljen mot tsarregimet var aukande i store lag av folket.

I 1904-05 vart den russiske flåten radert ut av japanarane i fleire sjøslag i Austen. Nederlaget for Japan var eit ubotelig tap for Russland og eit sjokk for resten av den vestlige verda.

Tsar Nikolai II prøvde i 1905 å innføra visse demokratiske reformer, men forsøket smuldra bort etter eit par år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uflidd og drikkfeldig

Munken Rasputin var ein religiøse lømmel med overnaturlige, heilbredande evne. Han var uflidd og drikkfeldig, men hadde eit uimotståeleg drag på kvinner. Sonen til tsarina Aleksandra og tsar Nikolai hadde ein arvelig, dødelig blødarsjukdom. Ved eit høve klarte Rasputin å stoppa blødinga til vesle Alexej, og Rasputin fekk etter det innpass og sterk innverknad på tsar-familien.

Representantar for adelen erga seg over at ein munk frå det låge sosiale lag hadde klart å innynda seg hos tsaren. Dei bestemte seg for å ta livet av Rasputin og prøvde med cyanid. Men munken var immun, trulig herda av stort alkoholinntak gjennom mange år. Etter det mislukka giftforsøket fann adelsmennene inga betre løysing enn å skyta Rasputin. Dei rulla han inn i eit ullteppe og tok han med ned til Neva som renn gjennom St. Petersburg. Elva var islagd, men drapsmennene klarte å søkka den døde i eit hol i isen. Men liket dreiv med straumen under isen og flotna opp att i ei råk lenger nede. Mordet vart avslørt.

Dårleg budd

Russland var dårleg budd på den 1. verdskrigen i 1914. Skotet i Sarajevo – attentatet på tronearvingen Franz Ferdinand - førte Russland i krig mot Tyskland og Austerrike-Ungarn. Den russiske hæren var prega av korrupsjon og uorden. Tsaren sjølv var fjern frå fronten. Harde vintrar og mangel på mat og utstyr tæra på soldatane sin kampvilje.

Etter kvart delte mange i det militære sympati med dei revolusjonære. På fabrikkane vart arbeidarane rått pressa til å levera krigsmateriell og det kom til opptøyar. Misnøya med tsaren er påtakelig både ved fronten, i byane og ute på landsbygda.

Tsaren sjølv var ein religiøs, velmeinande mann med mykje omsut for familien, men han var ingen statsmann. Nikolai II klarte ikkje - eller brydde seg ikkje - med å setja i verk politiske reformer som kunne døyva misnøya og betra levevilkåra for det store fleirtalet av folket.

I februar 1917 kjenner tsar Nikolai II seg tvinga til å abdisera og vert i praksis sett i fangenskap. Han og familien vert drepne eit års tid seinare i Sibir. Etter at Nikolai hadde abdisert, vart det på nytt gjort forsøk på å etablera eit demokratisk styresett, men det førte ikkje til betre kår for folk flest.

Alt dette var med å rå grunnen for at Lenin kunne lukkast med kuppet 7. november 1917. Opprøret har seinare har fått namnet Oktoberrevolusjonen ettersom det skjedde i oktober etter den russiske kalenderen.

Epilog

På spørsmål frå salen trekte Terje Knutsen trådar frå tsartida, via revolusjonen og sovjettida og fram til i dag. I Norge svarar 77 prosent at dei har tillit til folk flest, i Russland er svaret 25 prosent. Denne tillitskrisa pregar den russiske samfunnsordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Russarane har dårlige erfaringar med demokratiet etter mislukka forsøk både i 1905, våren 1917 og i 1991 - etter Sovjetunions fall. Russland har gong på gong vorte angripne av andre europeiske land. Både Napoleon og Hitler sine hærstyrkar nådde fram til Moskva. Russarane vil gjera alt for å hindra at det skal skje på ny.

Mot dette bakteppet har det russiske folket mest tru på å velja ein sterk mann som effektivt kan styra og ivareta russiske interesser og ære. Det russiske folk har tiltru til Vladimir Putin. Putin sin visjon er å gjenreisa Russland som stormakt. Det passar Putin bra at Donald Trump har «America first» som fokus. Det finst knapt ein russar som ikkje støttar Putin i at han på ny skaffa Russland herredøme over Krimhalvøya, fortalde Terje Knutsen.

Sjølv har Terje Knutsen nyss merka kloa til den russiske bjørnen. Han har i fire år vore gjesteforelesar i russisk tryggings- og utanrikspolitikk ved Det norsk universitetssenteret i St. Petersburg. For ein månad sidan vart ni norske og ni svenske studentar utviste frå Russland ei veke før eksamen. Terje Knutsen ser ingen tungtvegande grunnar for utvisinga, men merkar seg at aksjonen kom like etter at IOC stengde Russland ute frå dei olympiske leikar.

Tekst og foto: Kjel Harald Lunde

jostein@osogfusa.no