Prosjektleiar for Os kommune Ole-Håkon Sælen skrytte av arbeidet Consto Bergen AS har gjort med Oshallen så langt.
Prosjektleiar for Os kommune Ole-Håkon Sælen skrytte av arbeidet Consto Bergen AS har gjort med Oshallen så langt.

Tett tak på den nye dobbelhallen på Kuventræ

Kranselag-tradisjonen blir halden i hevd i Os. Måndag var representantar frå Os kommune, prosjektleiarar og arbeidarar samla for å feira milepålen i prosjektet.

– Eg må skryta av Consto, som leverer både på framdrift og god planlegging, seier prosjektleiar for Os kommune, Ole-Håkon Sælen, og held fram:

– De har gjort ein kjempejobb med å halda vatn utanfor. Det er ikkje mykje som har sleppt inn gjennom den våte vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sælen gav dei også skryt for å dra lokale selskap inn i prosjektet.

– Gratulerer med dagen, og vel bekomme, sa Sælen før dei åt snittar frå Os ASVO og blautkake.

Ferdig som planlagt

Det blei gjort mykje og omfattande grunnarbeid før entreprenøren byrja å reisa den nye hallen. Arbeidet omfatta mellom anna tilrettelegging for parkeringsanlegget i kjellaren.

– I kjellaren vert det god plass. Faktisk kan så mange som 100 bilar parkerast der. I tillegg jobbar vi med å laga til ei eiga sykkelparkering, fortel Sælen.

Med kjellaren vert det nye bygget på totalt 6.000 kvadratmeter.

I hovuddelane vert det to fulle idrettshallar, lager, seks garderobar og to dommargarderobar. I tillegg vert det ein stor tribune på kortsidene nærast Osbadet.

Consto Bergen AS har kring 10 arbeidarar på anlegget. I tillegg er 10–15 andre arbeidarar frå andre entreprenørar på plass.

– Det går radig unna no framover. Vi har bra kontroll og føler oss trygge på at vi skal bli ferdig til avtalt tid, 1. august, sa prosjektingeniør i Consto Bergen AS, Christoffer Helland til Os & Fusaposten for nokre veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet med den nye dobbelhallen starta i juni i fjor.