Kristoffer Østervold sette inn to mål i lokaloppgjeret mellom Os og Lysekloster i ettermiddag.
Kristoffer Østervold sette inn to mål i lokaloppgjeret mellom Os og Lysekloster i ettermiddag.

Tidlegare Os-spelar sikra Lysekloster-siger

Då Kristoffer Østervold spelte for Os, sleit han mykje med skader. I kampen mot gamleklubben i ettermiddag, fekk austevollingen vist at han framleis duger

Østervold skåra begge dei to måla til Lysekloster i lokalderbyet i Lysekloster idrettspark i ettermiddag. Kampen enda 2–0 til heimelaget.

– Det betyr mykje for meg å skåra to mål. Spesielt i denne kampen, seier Østervold til Os & Fusaposten etter at oppgjeret er over.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg spelte ein halv sesong i Os, men var mykje skada. Eg hadde problem med den eine skuldera då eg starta, og i den første kvalikkampen til NM, knekte eg den andre skulderen. Eg kom aldri skikkeleg tilbake etter det, fortel han.

I vinter signerte Østervold for Lysekloster. Trenar Ruben Hetlevik meiner austevollingen gjorde ein fantastisk innsats på banen i ettermiddag.

– Østervold har vist gjennom heile vinteren at han er ein meget god spiss. Det er ekstra kjekt for han at han skårer to mål i dag, slår Hetlevik fast.

Dommaren måtte gripa inn i fleire uovereinskomstar i løpet av kampen.
Dommaren måtte gripa inn i fleire uovereinskomstar i løpet av kampen.
Os prøvde å halda Lysekloster unna, men lukkast ikkje. Dermed sigra Lysekloster for første gong over Os i ein seriekamp.
Os prøvde å halda Lysekloster unna, men lukkast ikkje. Dermed sigra Lysekloster for første gong over Os i ein seriekamp.
Amper stemning høyrer med i eit lokalderby, ifølgje dei to trenarane. Her vart det rett nok litt for ampert, ifølgje dommaren. Enrique Crespo Søvik vart vist ut etter berre sju minutt på banen.
Amper stemning høyrer med i eit lokalderby, ifølgje dei to trenarane. Her vart det rett nok litt for ampert, ifølgje dommaren. Enrique Crespo Søvik vart vist ut etter berre sju minutt på banen.
Her får Kristoffer Østervold høve til å setja ballen i nettet etter 16 minutt.
Her får Kristoffer Østervold høve til å setja ballen i nettet etter 16 minutt.
Trenar Ruben Hetlevik slår ut med armane i forkant av frisparket som førte til 1-0-leiing til Lysekloster.
Trenar Ruben Hetlevik slår ut med armane i forkant av frisparket som førte til 1-0-leiing til Lysekloster.
Han visste å gje lyd frå seg, osingen Brynjar Øvstedal, også.
Han visste å gje lyd frå seg, osingen Brynjar Øvstedal, også.
Med denne gjengen på tribunen, fekk Lysekloster god drahjelp.
Med denne gjengen på tribunen, fekk Lysekloster god drahjelp.

– Plankekøyring

Då startskotet for lokaloppgjeret gjekk i ettermiddag, var det god stemning på tribunen. Spesielt mykje leven greidde gutane i ”Munkeberget” supporterklubb å laga. Gutane stilte mannsterke på tribunen med tromme, fløyter, og andre ting som lagar lyd, og ropte taktfast LIL. Dei hadde stor tru på heimelaget-

– 10–0. Det vert plankekøyring, sa gutane før kampstart, men modererte seg litt.

– Eg trur stillinga vert 3–1, sa Mathias Ørbeck.

– 3-2, gjetta Benjamin Engevik.

Gutane fekk konkurranse frå Brynjulf Øvstedal. Han hadde med seg Jimmy Øvredal sin gamle ropert, og visste å gje lyd frå seg han også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne vart laga av blikkenslagar Arnfinn Eide i samband med at Os vann 3. divisjon på Fana stadion i 1973. Roperten har vore med til skøyte-VM i Heerenveen og på Hamar tidlegare, fortalte Øvstedal.

I dag gjorde han nytte for seg i Lysekloster idrettspark.

– Eg trur det vert tøft for Os i dag. Lysekloster har meir fart i laget, og meir etablerte spelarar. Men det er ein derbykamp, og då han alt skje. Eg har trua, seier Øvstedal i det dommaren bles i fløyta.

– Typisk lokalderby

Det gjekk ikkje meir enn 16. minutt før Lysekloster tok leiinga i kampen. Etter eit frispark frå Joakim Helland hamna ballen hjå Østervold som nærast var åleine med keeper. Forutan målet til heimelaget, var det ein jamn første omgang.

Andre omgang starta på verst tenkjeleg vis for osingane. Utan at korkje publikum eller spelarar fekk sukk for seg, låg ballen i nettet etter eitt minutt. Også denne gongen var det Østervold som fullførte oppgåva for vertane.

– Det var ein innøvd variant. Ballen vart stussa gjennom forsvaret, og det var så pass god ”pakk” på han at eg bestemte meg for å prøva å leggja han over keeper, fortel han som vart kåra til banens beste spelar.

Det vart mange duellar i løpet av kampen, og stemninga var til tider amper. Dommaren delte ut fire gule kort og eitt raudt. Kort tid etter at han kom på banen, fekk Os-spelar Enrique Crespo Søvik direkte raudt kort.

– Kampen var eit typisk lokalderby med til tider mykje tøft spel. Det raude kortet kom etter ein duell mellom to spelarar. Eg trur ikkje spelaren vår slår bevisst mot ansiktet til Lysekloster-spelaren, men det er dommaren som bestemmer, seier Os-ternar Hassan El Fakiri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelemessig er han ikkje kjempenøgd med innsatsen til laget sitt.

– Vi burde latt ballen gå litt meir, og vore meir tolmodige i spelet. På den måten kunne vi fått Lysekloster til å sprekka opp litt meir, trur han.

– Det er to jamne lag, men Lysekloster set dei mogelegheitene dei har, og vinn kampen, legg han til.

– Er det ekstra kjedeleg at det er ein tidlegare Os-spelar som skårar dei to måla til Lysekloster?

– Det er sånn som skjer. Østervold sleit mykje med skader då han var hos oss, men no ser det ut som han har funne ein klubb han lukkast i. Det er eigentleg litt typisk, slår El Fakiri fast.

Første siger

Hetlevik på si side meiner sigeren til Lysekloster var fullt fortent. Han fortel at for heimlaget var det ikkje berre tre poeng som stod på spel.

– Det er første gong Lysekloster vinn ein seriekamp mot Os. Eg er utruleg stolt over innsatsen til gutane. I dag viser vi at det finst berre ein klubb i kommunen, og det er oss, seier Hetlevik.

Trenaren meiner at litt amper stemning i eit lokalderby høyrer med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viser berre at kampen betyr noko for alle dei involverte, seier han.