Politiet fekk melding om brann-tiløpet like før klokka halv fire på ettermiddagen. Kort tid etter var både politi og brannvesen på staden.
Politiet fekk melding om brann-tiløpet like før klokka halv fire på ettermiddagen. Kort tid etter var både politi og brannvesen på staden.

Til legesjekk etter røykutvikling

Ein ulmande lampe førde til stor røykutvikling i ein einebustad i Skeismyra på Nore Neset fredag.

Politiet fekk melding om brann-tiløpet like før klokka halv fire på ettermiddagen. Kort tid etter var både politi og brannvesen på staden.

– Episoden fann stad i ein einebustad. Årsaka til branntilløpet er, slik me forstår det, at ein arbeidslampe byrja å ulma, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det heile no er under kontroll.

– Kvinna fekk kasta ut lampen og evakuert dei andre i huset. No har brannvesenet kontroll på situasjonen.

– Var det nokon som kom til skade som følgje av branntilløpet?

– Det vart visst ein del røykutvikling og det kan sjå ut til at ho som kasta lampa ut av huset, må ta ein liten tur for rutinemessig sjekk på legevakta, men etter det me kan forstå, er det ingen som har skadd seg alvorleg, avsluttar operasjonsleiaren.

Rundt klokka 16 melde politiet at brannen er sløkkt. Det vart berre mindre skader på bustaden, og brannvesenet ventilerer ut røyken.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no