Suksessen til Anders Mol (t. h) og Christian Sørum held fram. Søndag skal sandvolleyballduoen spela semifinale i Europameisterskapen i Nederland.
Suksessen til Anders Mol (t. h) og Christian Sørum held fram. Søndag skal sandvolleyballduoen spela semifinale i Europameisterskapen i Nederland.

Til semifinale etter nervepirrende kamp mot heimefavorittane

Anders Mol og makker Christian Sørum møtte vertsnasjonen i kvartfinalen i EM laurdag. Og det vart ein svært spennande kamp.

Før laurdagens kvartfinale tok sandvolleyballduoen det dei sjølv karakteriserte som ein slitesiger mot Belgia (21–18, 19–21, 15–11). I kvartfinalen venta vertsnasjonen og heimefavorittane Christiaan Varenhorst og Jasper Bouter. Det vart ein svært spennande kamp.

Nederland fekk raskt overtaket i første sett, og vann 13–21. I andre sett slo Mol og Sørum tilbake og sikra seg poeng med settsifra 21–16. I tredje av avgjerande sett starta nordmennene svært bra. Men Nederland tok nok ein gang inn på, og låg likt med Noreg på stillinga 11–11. Heldigvis sikra duoen seg dei fire siste poenga, og vann dermed 15–11.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motstandaren ikkje klar

Sigeren i kvartfinalen var den femte strake sigeren for Mol og Sørum i Europameisterskapen i Nederland.

For ei veke sidan gjekk sandvolleyballduoen til topps i Major-turneringa i Gstaad i Sveits. Då var det heile 20 år sidan Noreg sist tok ein siger i verdsserien i sandvolleyball. No ventar semifinalespel, og eventuelt finalespel, i EM i Den Haag i morgon. Semifinalen startar klokka 15. Motstandaren er ifølgje Norsk Volleyballforbund si Facebook-side enno ikkje klar.