Kristoffer Hagenes (i midten) har dømt på høgt nivå i mange år. Denne veka ba han om å få kommentera kritikken han fekk i etterkant av Lysekloster-Varegg laurdag.
Kristoffer Hagenes (i midten) har dømt på høgt nivå i mange år. Denne veka ba han om å få kommentera kritikken han fekk i etterkant av Lysekloster-Varegg laurdag.

Tilbakeviser kritikken

Dommar Kristoffer Hagenes meiner dommarteamet hans handla korrekt i dei tre avgjerande episodane i kampen mellom Lysekloster og Varegg.

Os og Fusaposten lukkast laurdag ikkje i å få svar på kvifor dommartrioen vurderte situasjonane som dei gjorde. Måndag tok Kristoffer Hagenes, som til dagen dømmer i eliteserien, sjølv kontakt med lokalavisa, for å forkara korleis han opplevde dei kampavgjerande situasjonane.

Skjønte frustrasjonen

Hagenes og assistentane hans var ikkje særlege populære i Lysekloster Framo Idrettspark etter toppkampen laurdag. Først annullerte dei eit mål for offside, deretter unnlot dei å døma straffe for ein hands og gav Håkon Moldeklev direkte raudt kort for nedsparking av ein Varegg-spelar like etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan forstå at de er frustrerande for Lysekloster-trenaren og laget hans at dei får tre kampavgjerande situasjonar dømt mot seg. Men me i dommarteamet føler oss sikker i at dei avgjerdene me tok, var korrekte, seier Hagenes.

Då Lysekloster-gjengen beklaga seg etter kampen, sa Hagenes at dei gjerne mottok videobilete frå kampen, om bileta mot formodning skulle visa at dommartrioen handla feil. Førebels har dommaren ikkje motteke noko film.

Klar oppfatting

På oppfordring skildar Hagenes her korleis han opplevde dei tre sentrale situasjonane.

– På annulleringa av Lyseklosters mål ser eg at keeper er komen ut og at målskårar Durim Muqkurtaj er bak keeper. Når keeper er ute skal offside-linja setjast på nest siste mann. Ettersom det berre er ein Varegg-spelar bak keeper, er altså Durim i offside, forklarer Hagenes.

– Handssituasjonen i straffefeltet vurderer eg ikkje til å vera gjort med viten og vilje. Varegg-forsvararen får ein lang ball sprettande opp i armen sin. Ballen er heilt klart borti, men når dette ikkje er gjort med hensikt, skal avgjerda gå til forsvararens fordel. Me er forbi den tida då spelarar i forsvarssituasjonar må stå med armane på ryggen i ein kvar situasjon. Handa til denne Varegg-forsvararen var heller ikkje i ein unaturleg posisjon.

– Så var det det raude kortet. Håkon Moldeklev, meinte det berre var snakk om ei felling.

– Nei, det der var inga felling. Det var ei rein nedsparking bakfrå. Moldeklev spenner Varegg-spelaren på begge akileshælane og blir korrekt vist direkte raudt kort. Ute på banen trur eg Moldeklev var den einaste som var usamd i den avgjerda, konstaterer dommar Hagenes.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no