Du har kanskje lært korleis du utfører hjerte-/lungeredning. Men veit du om du gjer det riktig? At du ikkje trykkjer for lite eller for mykje? At takta er riktig? At du bles nok luft?
Du har kanskje lært korleis du utfører hjerte-/lungeredning. Men veit du om du gjer det riktig? At du ikkje trykkjer for lite eller for mykje? At takta er riktig? At du bles nok luft?

Tilbyr førstehjelpskurs i Os

I samarbeid med ungdomslaga i kommunen og Aktivitetshuset på Nore Neset gjennomfører Os Røde Kors kurs fleire stader i kommunen denne våren.

- I løpet av 2018 vil ein av dine vener oppleva at éin han eller ho kjenner får plutseleg hjertestans. Røde Kors har ambisjonar om at denne personen skal bli redda av ein i nærleiken, heter det i ei pressemelding.

Dette skal Røde Kors få til ved å gi gratis opplæring i livreddande førstehjelp til så mange som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du kan bidra til dette ved å delta på og invitera alle dine vener til å delta på eit av 3-timarskursa som vert arrangerte i Os dei to fyrste vekene i mai.

Du har kanskje lært korleis du utfører hjarte- og lungeredning. Men veit du om du gjer det riktig? At du ikkje trykkjer for lite eller for mykje? At takta er riktig? At du bles nok luft?

- Os Røde Kors har fått nye treningsdukker kor du sjølv kan kontrollera kvaliteten på kompresjonane – når du gjer det! Bruk høvet til å bli trygg på at du ikkje berre veit korleis du skal gjera dei riktige tinga, men at du også faktisk gjer det riktig, er oppmodinga i pressemeldinga.

jostein@osogfusa.no