annonse

Tildelt Norsk kulturarvs ærespris: – Ein einar i sine fag

Heidra
Heidra: – Ein kunnskapsrik, raus og inspirerande person. Slik skildra Kirsti Kolle Grøndahl historikar Nils Georg Brekke. I ettermiddag fekk han Norsk Kulturarvs ærespris.
Framleis i aktivitet
Framleis i aktivitet: Kirsti Kolle Grøndahl gjorde ein god jobb med å oppsummera Nils Georg Brekke sine bragder gjennom eit langt liv. – Du er framleis aktivt med i ulike kulturprosjekt, sa Grøndahl om 80-åringen. Direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten, i bakgrunnen.
– På tide
– På tide: Styreleiar i Norsk Kulturarv, Kirsti Kolle Grøndahl, las opp grunngjevinga frå styret for å gje årets ærespris til Nils Georg Brekke. – Det var på tide at du fekk prisen, sa Grøndahl.

– Ein skal leita lenge etter ein person som har gjort meir for norsk kulturarv enn Nils Georg Brekke.

Camilla Kvamme

Det sa styreleiar for stiftinga, Kirsti Kolle Grøndahl, då ho delte ut Norsk Kulturarvs ærespris til Nils Georg Brekke på Solstrand i ettermiddag.

– Vi veit alle grunnen til at vi er her, og det, gode Nils Georg Brekke, det er deg. Det var på tide at du fekk prisen, sa Grøndahl før ho las styret si grunngjeving for å gje årets ærespris til historikaren frå Os: «Nils Georg Brekke har gjennom eit langt liv, på ein fagleg høgverdig og utsøkt måte, gjort svært mykje for å bevara og formidla folkekunst, byggjeskikk og kulturhistorien på Vestlandet».

– Ein framifrå formidlar

Grøndahl trekte fram studiar og forsking innan arkitektur, byggjeskikk, folkekunst og kulturlandskap.

– Samstundes har du vore, og er, ein utøvande praktikar og ein framifrå formidlar, påpeika styreleiaren.

Brekke står bak nokre av dei mest omfattande bokverka om kulturhistorie og kulturlandskap som er gjevne ut i Noreg. Han var redaktør for «Kulturhistorisk vegbok, Hordaland» (1993) og «Folgefonna og fjordbygdene» (2008), samt medredaktør for «Naturhistorisk vegbok, Hordaland» (2005).

– Du har naturlegvis også vore delaktig i utgjevinga av ei rekkje mindre småskrift og artiklar, slik seg hør og bør for ein ekte forskar. I tillegg må eg nemna at du var drivkrafta bak nettsatinga «GRIND» i lag med Universitetet i Bergen, sa Grøndahl.

– Ein doktorgrad utan fotnoter

Styreleiaren for Norsk Kulturarv takka Brekke spesielt for innsatsen han gjorde som initiativtakar og medansvarleg for utviklinga av stiftinga Norsk Kulturarv.

– Som om ikkje det er nok, har du i tillegg hatt meir enn éin finger med i laget i ulike EU-prosjekt og UNESCO-program.

Då Nils Georg Brekke vart tildelt Meltzerfondets pris for framståande forskningsformidling i 2009, fekk han følgjande spørsmål:

– Er det viktig for deg at vitenskapelege resultat når ut til folket?

– Ja, det er det! Eg lagar ikkje bøker berre for fagfolk, sjølv om stoffet naturlegvis må vera forankra i god vitskap. Idealet er at det skal vera ein doktorgrad utan fotnoter, svara Brekke.

– Tenk om fleire professorar kunne tenkt slik, sa Kirsti Kolle Grøndahl før ho overrekte diplomet med Nils Georg Brekke sitt namn på, samt ein laup, som er skåren ut og måla av Kari Aasgaard.

Hovudpersonen sjølv takka for prisen, og sa at det var ærefullt, men heilt uventa.

– I min alder venter ein seg ingenting, sa Brekke.

– 80 år er ingen alder. Eg høyrer du ikkje har lagt inn årene enno, svara Grøndahl.

– Nei, det har eg ikkje hatt tid til, slo Brekke fast.

Tidlegare mottakarar av Norsk Kulturarvs ærespris, er mellom andre: Harald Grytten (2008), Engøyholmen kystkultursenter (2009), Oddgeir Bruaset (2013), H. M. Dronning Sonja (2015), Jon Brænne (2016) og Christian Sulheim (2017).

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut