(
(

Tilhengjar med fisk velta: Køen står på Valleheiane

Det eine køyrefeltet er stengd, då det ligg ein tilhengjar og fisk i vegbanen.

– Det er ein tilhengjar på eit vogntog som har kome utfor vegen rett ved klatreparken Høyt & Lavt på Valleheiane. Køyrefeltet i retning Os på E39 er stengd. Køen står per no heilt til Skjoldskiftet, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Er du på staden? Send bilete til benjamin@osogfusa.no eller til 95182381.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventar på bilberging

Det er manuell dirigering på staden.

– Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd. Vi ventar på bilberging, som ikkje skulle vera så langt unna. Det kan henda at lasten på tilhengjaren må flyttast over i eit anna køyretøy, fortel operasjonsleiar.

Det skal også vera kø over Fanafjellet , då mange vel køyra om Hamre og kjem ut ved Fana kyrkje.

OPPDATERT: 15 personar er i sving med å lasta av tilhengjaren. Framleis er det ein del kø på staden, men det er betring i situasjonen. Manuell dirigering på staden, melder politiet på Twitter.