Jon Sivert Rykkel blir næringskonsulent.
Jon Sivert Rykkel blir næringskonsulent.

Tilrår at Rykkels søknad om å tre av som politikar blir avslått

Rykkel blir næringslivskonsulent i kommunen, og søkjer difor om fritak frå sine politiske verv. Men administrasjonen meiner han kan gjera begge deler.

Jon Sivert Rykkel går frå stillinga som marknadsansvarleg ved Osbadet til å bli næringskonsulent i Os kommune. I samband med overgangen søkjer Rykkel fri frå sine politiske verv i kommunen. Han sit i kommunestyret, formannskapet, eigedomsutvalet, fellesnemnda og er politisk representant for Søfteland barnehage. I søknaden om fritak viser han mellom anna til at den nye stillinga er organisatorisk plassert i rådmannens stab. Han ønskjer difor å unngå dobbeltroller.

- Uklart om han vil vera ugild

I innstillinga til kommunestyremøtet på tysdag går det fram at administrasjonen ikkje støttar Rykkels vurdering. Rett nok meiner administrasjonen at han kan få fritak frå eigedomsutvalet og Søfteland barnehage-vervet, men når det gjeld kommunestyret, formannskapet og fellesnemnda er innstillinga negativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er uklart i kor stor grad stillinga inneber at han vil vera ugild. (...) Fritak for verv vil måtte kvila på skjønn. Administrasjonen vurderer dette til å ikkje

vera tilstrekkeleg til å kunne gje fritak for alle verv. Grunngjevinga for avslag er anna sakstype på meir overordna nivå som ikkje fører til den same grad av interessekonflikt. Eventuell interessekonflikt vil løysast ved at han trer ifrå som ugild. Om dette viser seg å bli ein «uforholdsmessig vanskelighet eller belastning» vil han kunne søke fritak for på eit seinare tidspunkt.» Dette frå juridisk rådgjevar i kommunen, Terje B. Lågeide.

– Framoverlent kommune

Rykkel seier at det blir opp til kommunestyret å avgjera om han kan kombinera dei to rollene.

– Eg forholder meg sjølvsagt til det dei kjem fram til.

Dersom kommunestyret landar på at han skal tre av, vil ein ny representant frå Venstre tre inn basert på valresultatet. I utgangspunktet er det Mari Lund Eide, men sidan ho er flytta til Bergen, står Astrid Dale først i rekkja.

– Kva tenkjer du om å måtta forlata politikken dersom det blir tilfellet?

– Det blir vemodig. Eg har kost meg veldig med politikken, og møtt mange hyggelege folk. Dersom kommunestyret vedtek at eg blir erstatta, kjem eg til å treffa mange av dei same folka att, berre i ei ny rolle.

Som næringskonsulent blir han Daniel Skotheims høgre hand, og konkrete arbeidsoppgåver vil vera knytte til prosjekta han er involvert i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skotheim har fått til mykje, og det har skapt entusiasme både i næringslivet og i det politiske miljøet. Eg opplever Os kommune som ein framoverlent kommune, som torer å gjera ting annleis. Det er det spanande å vera med på, seier Rykkel.

ol@osogfusa.no