I biblioteka i Os og i Fusa kan ein sjå alle forslaga som 6. klassingane frå våre to kommunar har kome med til nytt kommunevåpen.
I biblioteka i Os og i Fusa kan ein sjå alle forslaga som 6. klassingane frå våre to kommunar har kome med til nytt kommunevåpen.

Tilrår oselvaren og fjorden som motiv på det nye kommunevåpenet

Små og store innbyggjarar har kome med sine forslag til motiv på Bjørnafjorden sitt kommunevåpen. Arbeidsgruppa tilrår, etter ein gjennomgang av alle forslag, at oselvaren og fjorden blir motiva.

I vinter blei små og store innbyggjarar inviterte til å koma med sine forslag til motiv. Mellom anna blei alle 6. klassingar i dei to kommunane inviterte til å teikna forslag. Elevar ved sju barneskular i Fusa og seks i Os harlaga sine kommunevåpen. Her kom det inn 279 verbalforslag og 40 ulike motiv. Hjå skuleelevane var det fleire motiv som fekk stor oppslutnad; jettegryte/spiral, bjørn, båt, fjord, fjell og Os-rose var topp 6. Arbeidsgruppa for nytt kommunevåpen har i tillegg fått 103 forslag med 30 ulike symbol/motiv. Det er etter ein gjennomgang av alle desse, at arbeidsgruppa har kome fram til sin konklusjon.

Avgrensa palett av fargar

Administrasjonen har følgjande forslag til vedtak: Konkurransen for formgjeving av kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune skal byggja på dei heraldiske reglane som var retningsgjevande for norske kommunevåpen før 1.1.2018. Det betyr mellom anna at Bjørnafjorden skal ha eitt symbol i kommunevåpenet og ein skal ha ein avgrensa palett av fargar til rådvelde som er kjende frå andre kommunevåpen. Det nye kommunevåpenet skal vera samlande og identitetsskapande for den nye kommunen. Symbolet ein har vald er oselvarbåten. Oselvaren er eit kulturelt felleseige for den nye kommunen. Den representerer både handverkskultur, næringshistorie og samferdslehistorie – kort og godt kystkulturen i Os og Fusa. Med sin status både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt – har vi eit unikt symbol for våre bygder og den nye kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre stikkordet ein vil leggja til grunn for konkurransen er fjord. Fjord er eit anna sterkt symbol og omgrep med stort gjennomslag. Fjorden bind den nye kommunen saman. Sidan kommunen har fjord i namnet er det nærliggjande at fjord vert ein leietråd for kommunevåpenet i form- eller fargeval. Gjennom ei slik avklaring av grunnlaget for vidare arbeid, har vi eit godt utgangspunkt for å gjennomføra ein konkurranse der profesjonelle formgjevarar kjem med sine forslag til utforming av det endelege kommunevåpenet.