Mannen i 20-åra vart medvitenlaus då han vart funnen i grøfta i Industrivegen etter møtet med denne lyktestolpen her.
Mannen i 20-åra vart medvitenlaus då han vart funnen i grøfta i Industrivegen etter møtet med denne lyktestolpen her.

Tilstanden uviss for MC-sjåføren

Tilstanden er framleis uviss for mannen som vart henta med luftambulansen i Industrivegen skjærtorsdag kveld.

Os og Fusaposten har prøvd å få vita korleis det står til med mannen som var utsett for motorsykkelulukken i Industrivegen i går. Helse Bergen har avviklet praksisen med å opplysa om tilstand, dermed er det lite nytt å melda.

Det som ein kan seia er at motorsyklisten, som er i 20-åra, på eitt eller anna vis køyrde av vegen og kolliderte med ein lyktestolpe. Os og Fusaposten var på ulukkesstaden fredag morgon, og såg lyktestolpen som er knekt i to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje BT er det for tidleg å seia konkret kva som er årsaka til ulukka. I går fekk Os og Fusaposten inntrykk av at det også hadde vore ein bil involvert i ulukka, men dette er ikkje stadfesta.

– Hendingsforløpet og omstende rundt ulykka skal kartlegges nøye av ulykkesgruppen og krimteknisk. Førebels kan me ikkje seia meir, sa vakthavande i Vest politidistrikt Frode Kolltveit til BT fredag morgon.